Now showing items 1-1 of 1
| Abstract: | Det overordna temaet for denne oppgåva er koplinga mellom det globale og det nasjonale. Det er ein felles kjerne i litteraturen kring globalisering at globaliseringa bind saman det lokale og det globale, slikt at hendingar ein stad kan få konsekvensar ein heilt annan stad. Etter oppløysinga av Sovjetunionen har det økonomiske samkvemmet mellom Noreg og Russland årleg auka i omfang, og det har frå norsk hold vore ei målsetting å fremje økonomisk samarbeid over grensa. Regjeringa har sett nordområda og forholdet til Russland i fokus nasjonalt med å erklære nordområda som Noreg sitt strategisk viktigaste satsingsområde. Samtidig talar Russland med ein tydelegare stemme internasjonalt, og ein har hatt periodar med auka spenning mellom Russland og Vesten. Denne oppgåva undersøker ved hjelp av regresjon på tidseriedata om internasjonale politiske konfliktar mellom Vesten og Russland har effekt på den norsk-russiske samhandelen. Vidare har også intervju med informantar som arbeider med det norsk-russiske økonomiske samkvemmet vorte nytta for å belyse og kommentere funna. I denne analysen har ikkje internasjonale politiske kriser signifikant effekt på den norsk-russiske handelen, det har derimot endringar i fiskeprisane og aluminiumsprisane, samt overgangen til raudgrøn regjering. |
| URI: | http://hdl.handle.net/10037/2733 |
Now showing items 1-1 of 1
Munin is powered by DSpace 1.8.2
The University Library of Tromsø, N-9037 Tromsø
Tel: +47 77 64 40 00, E-mail: munin@ub.uit.no