Påvising og karakterisering av PGE2 reseptorar med omsyn på regulering av matriks metalloproteinasar frå osteosarkomcellelinjer

DSpace/Manakin Repository

Påvising og karakterisering av PGE2 reseptorar med omsyn på regulering av matriks metalloproteinasar frå osteosarkomcellelinjer

 

Tweet Share on Facebook
Title: Påvising og karakterisering av PGE2 reseptorar med omsyn på regulering av matriks metalloproteinasar frå osteosarkomcellelinjer
Author: Oma, Hildegunn
Date: 18-Jun-2007
Type: Master thesis; Mastergradsoppgave
Abstract: Enkelte kroniske inflammatoriske sjukdommar er kjent å disponere for utvikling av kreft. Ettersom fleire COX-2 hemmarar har synt kjemoterapeutisk effekt er det skapt stor interesse kring PGE2 si generelle rolle, og relevans i høve til kreft. PGE2 regulerer ei rekkje cellulære prosessar gjennom binding til fire prostaglandin E reseptorar (EP reseptorar). Matriks metalloproteinsar (MMPar) er ei gruppe enzym som er vist å vere involvert mellom anna ved tumorinvasjon, metastasering og angiogense. Enzyma har skapt stor interesse innan kreftforskinga, ettersom mange kreftformer syner auka ekspresjon av MMPar. Det er i fleire studiar synt samanheng mellom COX-2 oppregulering og auka MMP uttrykk. Denne oppgåva byggjer på tidlegare masteroppgåver, som har vist induksjon av MMP-2 ekspresjon og aktivering frå pHß-1 og II-11b celler etter stimulering med PGE2. Målet for denne oppgåva var å påvise, og karakterisere EP reseptorar med omsyn på MMP uttrykk og aktivering i osteosarkomcellelinjene pHß-1 og II-11b, to cellelinjer med respektivt høgt og lågt nivå av det metastaseassosierte proteinet S100A4. Celler dyrka direkte på plast vart inkubert med tre ulike EP agonistar; butaprost, sulprostone og misoprostol, i tillegg til EP reseptor antagonisten AH6809. Gelatin zymografi vart nytta for å identifisere MMP-2 uttrykk og aktivering. Kasein zymografi og Western blotting vart nytta for resepektivt å kartlegge, og identifisere uttrykk og aktivering av MMP-1, MMP-7 og MMP-13. Det vart utført MTS test for alle celleforsøka, for å kontrollere om EP reseptor hemming og stimulering påverka celleviabilitet. Gelatin zymografi av kondisjonert medium frå celler inkubert med EP reseptor agonistar, eller antagonist viste ingen kvantifiserbare effektar på MMP-2 uttrykk eller aktivering. Verken kasein zymografi eller Western blotting var tilstrekkeleg sensitiv til å identifisere eventuell MMP ekspresjon utover MMP-2. Det vart ikkje identifisert trendar for auka celleviabilitet ved EP reseptor aktivering, men det vart synt ein svak reduksjon av celleviabilitet etter hemming av EP reseptorar.
Publisher: Universitetet i Tromsø; University of Tromsø
URI: http://hdl.handle.net/10037/1178


File(s) in this item

Files Size Format View
thesis.pdf 1.290Mb PDF View/Open

The following license file are associated with this item:

This item appears in the following collection(s)

Show full item record

Search Munin




Advanced Search

Browse

Statistics

Help