Eeva Törmänen eller Eva Dørmænen? Møte mellom finsk og norsk namnesystem i Noreg

DSpace/Manakin Repository

Eeva Törmänen eller Eva Dørmænen? Møte mellom finsk og norsk namnesystem i Noreg

 

Tweet Share on Facebook
Title: Eeva Törmänen eller Eva Dørmænen? Møte mellom finsk og norsk namnesystem i Noreg
Author: Saarelma, Minna; Alhaug, Gulbrand
Date: Aug-2007
Type: Journal article; Tidsskriftartikkel; Peer reviewed
Abstract: Artikkelen gir ein analyse av personnamna til etterkommarane av finske innvandrarar i Noreg på grunnlag av opplysningar i folketeljinga frå 1900. Materialet omfattar namna på dei som er oppførte med finsk etnisitet, og som er fødde i Noreg. Dette materialet består av to delar: Grue-materialet (412 personar frå Grue Finnskog i Sør-Noreg) og kvenmaterialet med namnedata for 3840 kvenar frå Finnmark og Troms. Dei finske innvandrarane kom til Finnskogane alt på 1600-talet, mens finnane kom noko seinare til Finnmark og Troms – på 1700- og 1800-talet. Desse to folkegruppene, kvenane og dei finskætta på Finnskogane, viser klare forskjellar når det gjeld personnamn. Ein viktig grunn til dette er nok at dei finskætta på Finnskogane hadde budd lenger i Noreg enn kvenane, og at dei dermed hadde vorti meir fornorska. Fornamna i Grue-materialet er stort sett dei same som elles i Noreg på slutten av 1800-talet, mens det blant kvenane også finst nokre typiske finske fornamn, t.d. Hilja, Saima og Toivo. Når det gjeld etternamna, har dei fleste finskætta på Finnskogane namn på -sen og -datter (68 %) eller eit etternamn som går tilbake til eit norsk stadnamn (31 %), gjerne eit gardsnamn, t.d. Bruvold. Også blant kvenane er etternamn på -sen og -datter vanlege (57 %), men i motsetning til dei finskætta på Finnskogane ber mange kvenar (33 %) eit finskspråkleg etternamn, t.d. Halonen og Pauna (i denne prosenten inngår det også etternamn som har fått ei justering på norsk grunn, t.d. Hallonen). Berre 1 % av kvenane har eit etternamn som er typisk norsk, t.d. Kramvik, dvs. eit etternamn som går tilbake til eit norsk stadnamn. Det er ein klar samanheng mellom det å tala finsk og å ha eit finsktypologisk etternamn: Mens 40 % av dei finskspråklege kvenane har eit finsk etternamn, er den tilsvarande prosenten for dei norskspråklege kvenane berre 14 %. Ei samanlikning av bruken av finske etternamn i nokre utvalde kommunar avdekker klare forskjellar. Såleis er det heile 72 % av kvenane i Vadsø som har eit finsk etternamn i 1900, mot berre 7 % i Lyngen. Det er muleg at denne forskjellen til dels kan forklarast ut frå at fornorskingspresset har variert i dei kvenske områda. Ettersom både lydsystemet og det ortografiske systemet er ulikt i finsk og norsk, har dette ført til at mange finske etternamn har fått ei justering på norsk grunn, t.d. Haataja > Hadaja, Kantola > Gandola, Juntunen > Jondonen, Köngäs > Køngæs, Palo > Ballo. I artikkelen er det gjort greie for dei mest vanlege endringstypane. This article presents an analysis of the personal names of the Finnish population in Norway in 1900. The data for this study was collected from the population census of the year 1900, and it includes names of people who were born in Norway and registered with Finnish ethnicity. This data was divided into two sub-data: the Grue data includes the names of 412 Finns from the Finnish Woods (Finnskogene) in Southern Norway, and the Kven data the names of 3 840 Finns (Kvens) from Northern Norway (the counties Finnmark and Troms). The Finnish Woods were populated by Finns in the 17th century, whereas the Kven population arrived in Northern Norway in the 18th and 19th century. With regard to personal naming, these two groups differ clearly from each other. These differences reflect the fact that in 1900, the older Finnish population in the Finnish Woods was much more norwegianised than the Kven population in the North. The first names in the Grue data are all typical Norwegian names, whereas in the Kven data, one can find a few Finnish names as well (Hilja, Saima, Toivo). Most people in the Grue data have a patronymic with -sen or -datter (68 %), or a Norwegian surname (31 %), whereas in the Kven data, people typically have a patronymic (57 %) or a Finnish surname (33 %) registered as their surname, and only 1 % bear a surname of the typical Norwegian type (e.g. Kramvik). Interestingly, there are also clear differences between different Kven municipalities. In Vadsø, for example, 72 % of the Finnish population had a Finnish surname in 1900, whereas in Lyngen, the percentage was only 7. From 1860 to 1940, there was a strong policy of Norwegianisation towards the Finnish population in Norway, and these local differences may be due to variation in the strength of the Norwegianisation pressure in different municipalities. As the sound and orthographic systems are different in Finnish and Norwegian, this article also analyses the various ways in which Finnish surnames have been changed in Norway, e.g. Haataja > Hadaja, Kantola > Gandola, Juntunen > Jondonen, Köngäs > Køngæs, Palo > Ballo.
Description: Final draft post-refereeing av konferanseartikkel antatt til publisering. Final draft post-refereeing of conference paper accepted for publication.
Publisher: NORNA-förlaget
Series: NORNA-rapporter 84 (2008)
Citation: Svavar Sigmundsson (red.): Norræn nöfn – nöfn á Nor∂urlöndum. Nordiska namn – namn i Norden. Rapport från Fjortonde nordiska namnforskarkongressen i Borgarnes 11 – 14 augusti 2007. (NORNA-rapporter 84.) Reykjavík 2008.
URI: http://hdl.handle.net/10037/1228


File(s) in this item

Files Size Format View
article.pdf 988.6Kb PDF View/Open

The following license file are associated with this item:

This item appears in the following collection(s)

Show full item record

Search Munin




Advanced Search

Browse

Statistics

Help