Med bonden i sentrum : refleksiv læring i Tine Meieriet Øst

DSpace/Manakin Repository

Med bonden i sentrum : refleksiv læring i Tine Meieriet Øst

 

Tweet Share on Facebook
Title: Med bonden i sentrum : refleksiv læring i Tine Meieriet Øst
Author: Ulvestad, Mette Karin Flem
Date: 15-May-2009
Type: Master thesis; Mastergradsoppgave
Abstract: Denne oppgåve omhandlar bruk av erfaring og refleksjon som virkemiddel i arbeidsplasslæring. Desse faktorane har vore ein raud tråd gjennom heile etterutdanningsperioden for rådgivarane i Tine. Eg har sett søkelys på kva måte desse faktorane har påverka både læring og implementering av ny kompetanse i vår organisasjon. Via observasjon og intervju har eg søkt å kartlegge korleis rådgivarane har opplevd eige læringsutbytte og kva dei ser på som viktig for å ta i bruk sin nye kompetanse ute hos bonde. Hovudfunna viser at rådgivarane legg vekt på erfaringsutveksling med kollegaer som grunnleggande for deira læring. Det å kunne sette ord på eigne erfaringar og få vurdert og diskutert desse med kollegaer opplever rådgivarane som nyttig. Rådgivarane meiner respekt for deira erfaring er viktig i samband med ny læring. Utprøving av ny teoretisk kunnskap i praksis har gitt godt læringsutbytte, auka motivasjon og eigarskap til ny kompetanse. Rådgivarane har opplevd eiga læring som ein prosess der tilrettelagt tid til refleksjon har ført til modning og betre forståing av det dei har lært. Rådgivarane legg vekt på det positive ved formalisert kollektiv refleksjon. Bonden sjølv trer også tydeleg fram som ein viktig brikke – ofte ein utfordrande brikke – på vegen mot full implementering av ny kompetanse. Empirien viser at det i stor grad er individuelle utfordringar og årsaker til læring og implementering av ny kompetanse. Samtidig understrekar alle respondentane at samarbeid og kollektiv refleksjon har vore særs lærerikt.
Publisher: Universitetet i Tromsø; University of Tromsø
URI: http://hdl.handle.net/10037/1970


File(s) in this item

Files Size Format View
thesis.pdf 819.4Kb PDF View/Open

The following license file are associated with this item:

This item appears in the following collection(s)

Show full item record

Search Munin




Advanced Search

Browse

Statistics

Help