"Kjærleiken gjev oss eit andlet" : ein analyse av Hanne Aga: Bror sorg

DSpace/Manakin Repository

"Kjærleiken gjev oss eit andlet" : ein analyse av Hanne Aga: Bror sorg

Show simple item record

dc.contributor.advisor Andersen, Per Thomas
dc.contributor.author Eriksen, Hilde Kat.
dc.date.accessioned 2010-06-30T09:15:57Z
dc.date.available 2010-06-30T09:15:57Z
dc.date.issued 1991-10
dc.description.abstract Hovudoppgåva ”- Kjærleiken gjev oss eit andlet” drøftar poesiromanen Bror sorg av Hanne Aga, ut frå eit psykoanalytisk og narratologisk perspektiv. Teoretisk kviler analysen på den franske psykoanalytikeren Jacques Lacan sine teoriar, ei fortolking av klassisk freudianisme basert på strukturalisme og post-strukturalisme. Dei narratologiske omgrepa i analysen er henta hos den franske litteraturteoretikaren Gérard Genette. <br>Boka inneheld korte tekstar med poetiske drag, og står fram som ei forteljing gjennom at det kan påvisast ei utvikling gjennom tekstane, ikkje berre ein tematisk samanheng. Her er og eit gitt persongalleri med ein tydeleg hovudperson. I boka speglast ein imaginær skriveprosess, der hovudpersonen i boka er identisk med den imaginære forteljaren. Historia i boka skildrar eit kjærleiksforhold mellom bror og søster, åtskiljing, samanbrot og framveksten av nytt språk og ein klår identitet hos hovudpersonen. Hovudpersonen blir gjennom ein analytisk, terapeutisk samtale brakt frå samanbrot og ein psykotisk tilstand tilbake til ein samanheng der ho kan huske, forstå, og sjå seg sjølv som eit individ åtskild frå andre. Historia blir fortalt på ein måte som kombinerer element frå ulike typar tekst, og forteljinga skiftar raskt mellom oppleving, refleksjon, skildrande innslag og poetiske ytringar. <br>Innhaldet er analysert i nær samanheng med påvising av handling, forløp i tid, forteljarstemme, plassering i tid og stad. Boka er plassert i ein litteraturhistorisk samanheng, og er samanlikna med andre verk med liknande sjangerdrag og komposisjon.
dc.description Dette er en hovedfagsoppgave.
dc.format.extent 3309832 bytes
dc.format.mimetype application/pdf
dc.identifier.uri http://hdl.handle.net/10037/2510
dc.identifier.urn URN:NBN:no-uit_munin_2257
dc.language.iso nno
dc.publisher Universitetet i Tromsø
dc.publisher University of Tromsø
dc.subject VDP::Humaniora: 000::Litteraturvitenskapelige fag: 040::Nordisk litteratur: 042
dc.subject VDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::Nordic literature: 042
dc.title "Kjærleiken gjev oss eit andlet" : ein analyse av Hanne Aga: Bror sorg
dc.type Master thesis
dc.type Mastergradsoppgave


File(s) in this item

Files Size Format View
thesis.pdf 3.156Mb PDF View/Open

The following license file are associated with this item:

This item appears in the following collection(s)

Show simple item record

Search Munin




Advanced Search

Browse

Statistics

Help