Show simple item record

dc.contributor.advisorAndersen, Per Thomas
dc.contributor.authorEriksen, Hilde Kat.
dc.date.accessioned2010-06-30T09:15:57Z
dc.date.available2010-06-30T09:15:57Z
dc.date.issued1991-10
dc.description.abstractHovudoppgåva ”- Kjærleiken gjev oss eit andlet” drøftar poesiromanen Bror sorg av Hanne Aga, ut frå eit psykoanalytisk og narratologisk perspektiv. Teoretisk kviler analysen på den franske psykoanalytikeren Jacques Lacan sine teoriar, ei fortolking av klassisk freudianisme basert på strukturalisme og post-strukturalisme. Dei narratologiske omgrepa i analysen er henta hos den franske litteraturteoretikaren Gérard Genette. <br>Boka inneheld korte tekstar med poetiske drag, og står fram som ei forteljing gjennom at det kan påvisast ei utvikling gjennom tekstane, ikkje berre ein tematisk samanheng. Her er og eit gitt persongalleri med ein tydeleg hovudperson. I boka speglast ein imaginær skriveprosess, der hovudpersonen i boka er identisk med den imaginære forteljaren. Historia i boka skildrar eit kjærleiksforhold mellom bror og søster, åtskiljing, samanbrot og framveksten av nytt språk og ein klår identitet hos hovudpersonen. Hovudpersonen blir gjennom ein analytisk, terapeutisk samtale brakt frå samanbrot og ein psykotisk tilstand tilbake til ein samanheng der ho kan huske, forstå, og sjå seg sjølv som eit individ åtskild frå andre. Historia blir fortalt på ein måte som kombinerer element frå ulike typar tekst, og forteljinga skiftar raskt mellom oppleving, refleksjon, skildrande innslag og poetiske ytringar. <br>Innhaldet er analysert i nær samanheng med påvising av handling, forløp i tid, forteljarstemme, plassering i tid og stad. Boka er plassert i ein litteraturhistorisk samanheng, og er samanlikna med andre verk med liknande sjangerdrag og komposisjon.
dc.descriptionDette er en hovedfagsoppgave.
dc.format.extent3309832 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.identifier.nb-fulltextFulltext http://www.ub.uit.no/munin/bitstream/10037/2510/1/thesis.pdf
dc.identifier.nb-urnURN URN:NBN:no-uit_munin_2257
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10037/2510
dc.identifier.urnURN:NBN:no-uit_munin_2257
dc.language.isonnoen
dc.publisherUniversitetet i Tromsøen
dc.publisherUniversity of Tromsøen
dc.subjectVDP::Humaniora: 000::Litteraturvitenskapelige fag: 040::Nordisk litteratur: 042en
dc.subjectVDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::Nordic literature: 042en
dc.title"Kjærleiken gjev oss eit andlet" : ein analyse av Hanne Aga: Bror sorgen
dc.typeMaster thesisen
dc.typeMastergradsoppgaveen


File(s) in this item

This item appears in the following collection(s)

Show simple item record