Fotoelektriske observasjonar av stjerneokkultasjonar ved måneranda

DSpace/Manakin Repository

Fotoelektriske observasjonar av stjerneokkultasjonar ved måneranda

 

Tweet Share on Facebook
Title: Fotoelektriske observasjonar av stjerneokkultasjonar ved måneranda
Author: Høydalsvik, Stein
Date: Jan-1980
Type: Master thesis; Mastergradsoppgave
Abstract: Analyser av okkultasjonskurvene frå fotoelektriske observasjonar viser at ein stor del av dei observerte stjernene er dobbelstjerner. Okkultasjonsteknikken kan lett åtskilje stjerner som har ein vinkelavstand større enn 0",01 og under gunstige tilhøve kan oppløysinga vere 0",001. I tillegg kan analysen av observasjonen gje vinkeldiameteren til stjerna dersom han er større enn 0",001. Utfrå vinkeldiameteren kan vi bestemme den effektive temperaturen som er ein fundamental storleik for ei stjerne. Ved observasjonar av okkultasjonar kan vi såleis få verdifull informasjon om stjernene som vert okkultert. Eg har valt å konsentrere meg om den okkulterte stjerna og kva informasjon ein analyse av okkultasjonskurva kan gje om ho. Ein vesentleg del av arbeidet har vore å prøve ut observasjonsutstyret i Skibotn på slike observasjonar og eventuelt kome med forslag om forbetringar av dette. Eit viktig siktemål med dette arbeidet var å tilretteleggje ei enkel observasjonsprosedyre slik at ein seinare kan observere okkultasjonar utan stor arbeidsinnsats, nærmast som ein rutineobservasjon. I kapittel 2, 3 og 4 viser eg korleis vi kan bruke generell diffraksjonsteori i tolkinga av ei okkultasjonskurve. Eg diskuterer også mogelege feilkjelder i denne tolkinga. Kapittel 5 viser instrumentasjonen som vart brukt til observasjonane og gjev ei prosedyre for slike observasjonar. Kapittel 6 forklarar kort analyseprogrammet, og eg diskuterer mogelege forbetringar av det. Kapittel 7 presenterer dei einskilde observasjonane og analyseresultata av dei. Eg gjev ei vurdering av kor gyldige desse resultata er. Kapittel 8 er så ein diskusjon av observasjonskvaliteten og kva innverknad ulike faktorar har på denne. Særleg ser eg på kva innverknad scintillasjonen kan ha. Til slutt gjev eg så i kapittel 9 ei oppsummering av dei viktigaste resultata samt ei vurdering av kva rolle okkultasjonsobservasjonar kan/bør ha ved observatoriet i Skibotn i framtida.
Description: Dette er ei hovudfagsoppgåve
Publisher: Universitetet i Tromsø; University of Tromsø
URI: http://hdl.handle.net/10037/3444


File(s) in this item

Files Size Format View
thesis.pdf 10.30Mb PDF View/Open

The following license file are associated with this item:

This item appears in the following collection(s)

Show full item record

Search Munin




Advanced Search

Browse

Statistics

Help