| Title: | "Kampen om den gode staden" : ei sosiokulturell studie av korleis planar om bergverksindustri kan innverke i stadsforteljingar om Naustdal kommune og bygda Vevring |
| Author: | Stubhaug, Ørjan |
| Date: | 01-Jun-2011 |
| Type: | Master thesis; Mastergradsoppgave |
| Abstract: | Gjennom ei sosiokulturell stadsanalyse undersøker eg i denne masteroppgåva korleis Nordic Mining ASA sin planlagde gruveindustri kan være med på å innverke på lokalbefolkninga i Naustdal kommune og bygda Vevring. Dette meiner eg er ein interessant studie av fleire årsaker. For det fyrste har desse planane skapt ein omfattande debatt om i kva grad lokalbefolkninga faktisk ønskjer ei gruvedrift velkomen, ein debatt eg synes er interessant i seg sjølv. For det andre representerer dette noko relativt nytt i samfunnsforskinga; ved at oppgåva studerar industrietablering i ein kommune som aldri tidlegare har hatt industri og i ei bygd der det finst relativt stor motstand mot prosjektet. For det tredje meiner eg det er interessant å kunne gjere ei samfunnvitskapleg studie av ein industri som er rekna for å vere i startfasen av det fleire har uttrykt som det nye ”industrieventyret”. Fokuset i oppgåva er på den offentlege debatten som Naustdal kommune sine eigne innbyggjarar skaper og deltar i og på korleis lokalbefolkninga er med på å konstruere og konstituere stadane Naustdal og Vevring, og dermed er det ein studie stadsdiskursar i Naustdal kommune. På bakgrunn av teori og analyse viser eg at ulik diskursiv ståstad har mykje å sei for korleis folk forstår konsekvensane av ei potensiell gruvedrift. I tillegg viser eg at stadsforteljingar blir eit viktig ledd får å rettferdiggjere eller motarbeide gruveprosjektet. Heilt avslutningsvis viser eg korleis eit slikt omfattande gruveprosjektet innverkar i stadsdiskursar i Naustdal og Vevring. |
| Publisher: | Universitetet i Tromsø; University of Tromsø |
| URI: | http://hdl.handle.net/10037/3667 |
| Files | Size | Format | View |
|---|---|---|---|
| thesis.pdf | 786.2Kb |
View/ |
The following license file are associated with this item: