æ sitt med klump i halsen når æ skriv det hær : dialekt i skriftspråket i debattforum knytt til tre norske nettaviser

DSpace/Manakin Repository

æ sitt med klump i halsen når æ skriv det hær : dialekt i skriftspråket i debattforum knytt til tre norske nettaviser

 

Tweet Share on Facebook
Title: æ sitt med klump i halsen når æ skriv det hær : dialekt i skriftspråket i debattforum knytt til tre norske nettaviser
Author: Evjen, Liv Ragnhild
Date: 18-May-2011
Type: Master thesis; Mastergradsoppgave
Abstract: Denne studien tar for seg bruk av dialekt i skriftspråket i debattar på tre norske nettstader. Nettstadene heiter nordlending.no, Fjordaglimt og mittglomdal.no og er knytt til nettavisene an.no (Avisa Nordland), firda.no og glomdalen.no gjennom nettsamfunnet Origo. Materialet som ligg til grunn for analysen, er sett saman av debattinnlegg som er publisert i diskusjonsfelta under saker som dei tre nettavisene har lagt ut. Eg analyserer materialet ut frå to språkeksterne faktorar: samtaleemne og den geografiske heimfestinga til nettstaden. Analysen har både ein kvantitativ og ein kvalitativ del. I den kvantitative delen undersøker eg først dialektførekomsten på kvar av dei tre nettstadene for å finne ut om det fins geografiske skilnader i materialet. Vidare deler eg materialet inn i sju kategoriar etter emnet for debatten, for så å samanlikne dialektførekomsten i kategoriane med kvarandre. I den kvalitative delen går eg nærare inn på enkelte emnekategoriar, diskusjonstrådar og debattinnlegg. I tillegg til å analysere materialet ut frå dei to språkeksterne faktorane, forsøker eg å tolke nokre av funna i lys av sosiolingvistisk teori om kodeveksling og språklig tilpassing. Resultata av studien viser mellom anna at dialektbruk er langt vanligare på nordlending.no enn på dei to andre nettstadene. Om vi ser alle tre nettstadene som ein heilskap, viser undersøkinga at dialektførekomsten er høgare ved samtaleemne som kriminalitet og bil og trafikk enn ved emne som næringsliv og politikk.
Publisher: Universitetet i Tromsø; University of Tromsø
URI: http://hdl.handle.net/10037/4067


File(s) in this item

Files Size Format View
thesis.pdf 1.863Mb PDF View/Open

The following license file are associated with this item:

This item appears in the following collection(s)

Show full item record

Search Munin




Advanced Search

Browse

Statistics

Help