dc.description.abstract | Den nye hjernefluktlitteraturen legg eit teoretisk grunnlag for at det ved høve til migrasjon kan bli ein positiv auke i humankapitalnivået og at eit u-land kan oppleve ein fordelaktig hjerneflukt (beneficial brain drain). Ein føreset at det er høgare avkasting av utdanning i mottakarlanda (i-land) enn sendarlandet (u-land) ved at likevektslønna i i-land er høgare. Dette gjer at fleire menneske vil ha insentiv til å investere i utdanning om det er høve til å utvandre. Denne effekten kallast hjernegevinst (brian gain), i motsetning til effekten av at høgare utdanna faktisk drar, hjerneflukt (brian drain). Om hjernegevinsten er høgare enn hjerneflukten, vil land oppleve ein fordelaktig hjerneflukt. Ein føreset at det er tilfeldig kven blant dei høgare utdanna som utvandrar. Dette gjer at humankapitalnivået er konstant så lenge det er like mange som utvadrar som det er menneske som vel å investere i utdanning etter migrasjon.
I lys av den nye hjernefluktteorien og o-ringmodellen ser eg på om læringsevne og ferdigheitar er vesentleg for kven det er som utvandrar og kva konsekvensar det har for eit u-land, om det er dei med høgast læringsevne og dei med beste ferdigheitane som drar. Eg finn at gjennom komplementaritet i o-ringmodellen vil dei med like ferdigheitar klynge seg saman. Dette gjeld også dei med høgst ferdigheitar, som vil ha insentiv til å utvandre for å bli enno meir produktive. I tillegg vil mottakarlanda ha insentiv til å tiltrekke seg dei med høgast ferdigheitar for å få dei beste. Konsekvensen for u-landa blir ein dobbel effekt av at høgare utdanna utvandrar. For det første mister dei menneske med høgare utdanning, noko som gjer dei som er igjen mindre produktive. Dette gjer igjen at menneske mister insentiv til å forbetre sine eigne ferdigheitar.
Hjerneflukt kan altså føre til mindre produktive arbeidarar på grunna av komplementaritet mellom menneske. Hjerneflukt kan også, om utvandringa er stor, gjere at heile sektorar mister all humankapitalen sin. I tillegg kan hjerneflukt gjere at utdanninga blir dårlegare, slik at dei som kjem i neste generasjon startar på eit lågare ferdigheitsnivå. Konsekvensane blir, i motsetning til det den nye hjernefluktlitteraturen hevdar, at den neste generasjonen, som skulle skape ein positiv hjernegevinst ved utvandringshøve, har eit lågare humankapitalnivå enn dei i generasjonen før. | en |