Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSydnes, Are Kristoffer
dc.contributor.authorBjelle, Sondre Lekve
dc.date.accessioned2017-08-23T14:19:17Z
dc.date.available2017-08-23T14:19:17Z
dc.date.issued2017-06-01
dc.description.abstractDenne studien skal undersøkja korleis tilsynsorgan kan bidra til sikkerheitsstyring i industriverksemder. Sikkerheitsstyring skal vera implementert på alle nivå i ein organisasjon, og prosessen skal skje kontinuerleg (Aven mfl., 2004; Stolzer mfl., 2008). Kva nivå i organisasjonen som tek avgjersler i sikkerheitsstyringsprosessen og kven som tek initiativ til oppdateringar, har vist seg å variera mellom ulike verksemder. Hale og Borys (2013a) presenterer to ulike hovudtilnærmingar, som vert kalla modell 1 og modell 2 (Dekker, 2005), og vert høvesvis rekna for å vera top-down- og bottom-up-tilnærmingar. For å sikra at sikkerheitsstyringa vert gjennomført etter lover og forskrifter, fører ulike organ tilsyn med verksemder. Kongsvik (2013) meiner det i hovudsak finst to hovudtilnærmingar til gjennomføring av tilsyn ut frå kva tilsynsorgana vel å fokusera på, desse vert kalla strukturelt- og operasjonelt tilsyn. Tidlegare studiar har peika på at tilsynspersonen sine eigenskapar, kompetanse og tilnærming under tilsyn, kan påverka kva slags avvik og merknader som vert avdekka (Blant andre Beckmerhagen mfl., 2004; Blewett og O`Keeffe, 2011). Problemstillinga for studien er: I kva grad bidreg Næringslivets sikkerheitsorganisasjon til sikkerheitsstyring i verksemder gjennom tilsyn av industrivernet? Bakgrunnen for studien er at fleire aktørar er involverte i sikkerheitsstyring, og samspelet mellom desse aktørane vil vera avgjerande for gjennomføringa av sikkerheitsstyringsprosessen. For å svara på problemstillinga vart det gjennomført ein kvalitativ case-studie av Næringslivets sikkerheitsorganisasjon sitt tilsyn av industrivernet i tre verksemder i Troms. Det vart gjennomført observasjonar av tilsyn og dokumentanalysar, men hovuddelen av det empiriske materialet baserer seg på semi-strukturerte intervju av tilsette i verksemdene med tilknyting til industrivernet og tilsynspersonar. Funn frå denne studien samsvarar i stor grad med funn frå tidlegare studiar som har fokusert på tilsyn. Næringslivets sikkerheitsorganisasjon fokuserer mykje på dokumentasjon og tilsette på strategisk og taktisk nivå under tilsyn. Tilsynsmennene har relativt god kompetanse til å forstå organisatoriske utfordringar og står fram som sjølvstendige, men samstundes har dei noko manglande teknisk innsikt. I sikkerheitsstyringa til dei tre verksemdene har dokumentasjon relativt lite å seia for det operative arbeidet og mynde til å ta avgjersler ligg hovudsakleg på det operative nivået under innsats. Næringslivets sikkerheitsorganisasjon kunne i større grad bidrege i sikkerheitsstyringa ved å gjennomføra meir operasjonelle tilsyn.en_US
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/11346
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUiT Norges arktiske universiteten_US
dc.publisherUiT The Arctic University of Norwayen_US
dc.rights.accessRightsopenAccessen_US
dc.rights.holderCopyright 2017 The Author(s)
dc.rights.urihttps://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0en_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)en_US
dc.subject.courseIDSVF-3920
dc.subjectTilsynen_US
dc.subjectNæringslivets sikkerhetsorganisasjonen_US
dc.subjectSikkerheitsstyringen_US
dc.subjectIndustrivernen_US
dc.subjectVDP::Teknologi: 500en_US
dc.subjectVDP::Technology: 500en_US
dc.titleTilsyn og sikkerheitsstyring. Ein case-studie av tre industriverksemder i Tromsen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.typeMastergradsoppgaveen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)
Med mindre det står noe annet, er denne innførselens lisens beskrevet som Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)