Show simple item record

dc.contributor.advisorGiverhaug, Trude
dc.contributor.advisorLind, Rikke
dc.contributor.authorHøyland, Halldis Kartveit
dc.date.accessioned2007-09-11T08:21:12Z
dc.date.available2007-09-11T08:21:12Z
dc.date.issued2007-06-18
dc.description.abstractSamandrag Masteroppgåva er ein del av prosjektet ”Bruk av Marevan (warfarin) i klinisk praksis”. Tidlegare er det gjennomført pilotstudie og spørjeundersøking blant pasientar som henta Marevan® frå apotek i Tromsø. Det er under utvikling eit verktøy (Anticoagulation Tool warfarin, ATw) der det blir vurdert om behandlinga av kvar einskild pasient oppfyller visse kriterier. Verktøyet skal kunne brukast til evaluering av warfarinbehandling og skal prøvast ut på profilar for pasientar som tok del i spørjeundersøkinga. Formål Det overordna formålet med studien ”Bruk av Marevan (warfarin) i klinisk praksis” var å kartleggje klinisk praksis for oppstart og gjennomføring av warfarinbehandling i Tromsø, gjere synleg kvar det eventuelt skjer svikt og fremje forslag til betre gjennomføring av behandlinga. Hensikta med masteroppgåva var å byggje opp ein database med relevante journaldata, og bruke denne som grunnlag for utprøving av eit verktøy (ATw) for evaluering av warfarinbehandling under norske forhold. Material og metode Studiepopulasjonen i masteroppgåva var 65 apotekkundar i Tromsø som brukte Marevan® på det tidspunktet dei vart spurt om å ta del i studien. Pasientane som tok del i journalstudien har i ei tidlegare undersøking svara på spørjeskjema om bruk av Marevan. Ein database for journaldata vart opparbeidd av masterstudenten. Informasjon samla frå spørjeundersøking og journalar vart overført til eit verktøy (ATw) for evaluering av antikoagulasjons¬behandling. Verktøyet vart evaluert i forhold til kor enkelt det var å forstå og bruke, og om nødvendig informasjon kunne finnast i det tilgjengelege datamaterialet som første ledd i valideringa av verktøyet. Det vart kalkulert score for dei ulike svaralternativa og appliseringsgrad og svarprosent for kvart enkelt kriterium. Som mål på behandlingskvalitet i pasientgruppa vart det brukt prosentdel oppfylte kriterier for god behandling i forhold til appliserbare kriterier. For å kunne identifisere ”care issues” vart tal på ikkje oppfylte kriterier brukt. Resultat Databasen inneheldt ved registreringsstans journaldata for 65 pasientar. Fire kriterier vart endra før verktøyet vart tatt i bruk. Det vart fremja forslag for fleire endringar i verktøy, rettleiing og journaldatabase. Tre kriterier var det vanskeleg å finne tilstrekkelege data for i journal. Det foreløpige datamaterialet viste at prosentdel oppfylte kriterier var på 62,5 % for journaldelen og for spørjeundersøkingsdelen 45,4 %. I gjennom¬snitt var 26,8 % av appliserbare kriterier svara med Nei for journaldelen og 44,9 % for spørjeundersøkingsdelen. Få pasientar hadde meir enn 12 veker mellom INR-målingane. Det var sjeldan notert i journal at informasjon var gitt til pasienten. Mange epikriser mangla viktige opplysingar om oppstart av behandling. INR-mål vart ofte funne i AK-journal. Ved INR > 4,5 vart det i dei fleste tilfella målt ny INR etter 1-2 veker. For 10 av 17 episodar med INR > 4,5 var det ikkje notert at warfarin var midlertidig seponert. Konklusjon Verktøyet ATw kan brukast til å kartleggje warfarinbruk ut frå spørjeundersøking og informasjon frå journalar i ein database, men utvida validering må utførast før det er pålitelig nok til evaulering av warfarinbehandling. I gjennomsnitt var 54 % av anvendte kriterier oppfylt (svara med Ja). Databasen fungerer tilstrekkeleg for datamateriale av moderat storleik. Det kan bli enklare å bruke verktøyet med ein betre tilpassa journal¬database.en
dc.format.extent1226735 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/1176
dc.identifier.urnURN:NBN:no-uit_munin_905
dc.language.isonnoen
dc.publisherUniversitetet i Tromsøen
dc.publisherUniversity of Tromsøen
dc.rights.accessRightsopenAccess
dc.rights.holderCopyright 2007 The Author(s)
dc.subjectVDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Company health service: 810en
dc.titleBruk av Marevan i klinisk praksis. Utprøving av ein metode for kartlegging og evaluering av warfarinbehandlingen
dc.typeMaster thesisen
dc.typeMastergradsoppgaveen


File(s) in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following collection(s)

Show simple item record