Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBerg, Sigrun Høgetveit
dc.date.accessioned2020-01-22T15:23:06Z
dc.date.available2020-01-22T15:23:06Z
dc.date.issued2019-10-14
dc.description.abstractHenning Laugerud si reformasjonshistorie om det katolske Noreg før og etter reformasjonen er eit imponerande og innhaldsrikt verk – nybrotsarbeid frå forskaren, gjennomillustrert frå kunsthistorikaren og lesverdig frå formidlaren. Det er den første boka med eit grunnleggjande kulturhistorisk blikk på dei omveltande endringane i Noreg gjennom reformasjonen. Laugerud tek på seg å forstå og formidle kva folket i Noreg eigentleg syntest om dette, noko som er ei utfordrande oppgåve, særleg når forfattaren så openlyst heiar på katolisismen. Utfordringa ved <i>det</i> skal eg koma attende til. Men det viktigaste først: Dette er ei velkomen bok. Det er på høg tid nokon går fleirfagleg til verks inn i det vanskelege spørsmålet om korleis kulturelle og religiøse endringar i reformasjonen vart opplevde og mottekne av folk flest. Laugerud understrekar og dokumenterer kor totalt uførebudd – og uvelkomen – reformasjonen var i Noreg. Danskekongen Christian III bestemte i 1536 at han skulle vera den lutherske sjefen over både stat og kyrkje, og i same slengen at Noreg skulle gå frå å vera ein sjølvstendig unionspartnar til å bli underlagt «Danmarks rige til evig tid». Erkebiskop Olav Engelbrektsson prøvde å kjempe imot, men måtte gje tapt både Noreg og den katolske kyrkja i 1537. Denne framstillinga av det kupp-aktige ved reformasjonsinnføringa har mange gjort før Laugerud. Men han gjev seg også i kast med den langstrekte gjennomføringa av det protestantiske programmet til kongemakta – som ifølgje Laugerud møtte stor folkeleg motstand på mange plan. Ein motstand som gjennom hundreåra har vore underkommunisert og direkte tagd ihel i både kjelder og historieskriving, men som han meiner det likevel er mogeleg å teikne eit bilete av. Og han synsar ikkje berre i veg i generelle vendingar – som mange av oss historikarar har gjort, medan me orsakar oss med at det er så lite kjelder til slike spørsmål om tvil og tru.en_US
dc.identifier.citationBerg SH. Henning Laugerud: Reformasjon uten folk: Det katolske Norge i før- og etterreformatorisk tid. Kunst og kultur. 2019;102(03):191-193en_US
dc.identifier.cristinIDFRIDAID 1738261
dc.identifier.doihttps://doi.org/10.18261/issn.1504-3029-2019-03-05
dc.identifier.issn0023-5415
dc.identifier.issn1504-3029
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/17187
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherIdunnen_US
dc.relation.journalKunst og kultur
dc.rights.accessRightsopenAccessen_US
dc.rights.holderCopyright 2019 The Author(s)en_US
dc.subjectVDP::Humanities: 000en_US
dc.subjectVDP::Humaniora: 000en_US
dc.titleHenning Laugerud: Reformasjon uten folk: Det katolske Norge i før- og etterreformatorisk tiden_US
dc.type.versionpublishedVersionen_US
dc.typeJournal articleen_US
dc.typeTidsskriftartikkelen_US
dc.typePeer revieweden_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel