Show simple item record

dc.contributor.advisorDrivenes, Einar-Arne
dc.contributor.authorAas, Steinar
dc.date.accessioned2007-03-05T12:35:29Z
dc.date.available2007-03-05T12:35:29Z
dc.date.issued2007-04-13
dc.description.abstractTil grunn for disputasen ligg boka ”Byen, banen og bolaget. Narviks historie, bind 1 1902-1950”, som var det eine bindet av eit to-binds historieverk som kom ut i samband med Narvik kommune sitt 100-årsjubileum i 2001, og manuskriptet ”Ei byhistorie om Narvik 1902-1950 – eit refleksjonstillegg”. Byhistoria om Narvik tar for seg oppkomsten av byen, og dei første femti åra av byens liv med fokus på det indre bylivet, både sosialt og politisk, byen sitt økonomiske fundament og byen sin kontakt med omverda. Bindet på 555 sider er rikt illustrert og delt inn i fire delar og 13 underkapittel. Del 1 heiter ”Jernbanen skaper en ny by” og tar for seg etableringa av og bakgrunnen for byetableringa, gjennom tre ulike faser frå 1870-1902. Del 2, ”Spenningar i nettverksbyen” dekker tida mellom 1902 og 1919, og vektlegg den fysiske, organisatoriske og identitetsmessige forminga, med fokus på særdrag, typologi og politisk utvikling. Del 3, kalla ”Spenninger og fellesskap mellom to kriger 1920-39”, dekker mellomkrigstidas økonomiske krise med dei politiske og sosiale spenningane denne medførte. Likeins dekker delen idretts- og kulturlivet sine fellesskapsbyggande og splittande funksjonar, og tiltaka for å skape ein Narvik-identitet kring 25-årsjubileet i 1926. Del 4 omhandlar krigen og den første fasen av gjenreisingstida, og har tittelen ”Krig, okkupasjon, gjenreisning og oppgjør 1940-50”. Byhistorieverket har hatt den intensjon å skildre Narviks historie gjennom den nemnte perioden med skiftande perspektiv. Byen har blitt sett både innanfrå, utanfrå, nedanfrå og ovanfrå. Det overordna perspektivet i bindet er at jernbanen og bolaget (LKAB) er grunnpilaren byen står på, og hovudpulsåra i Narvik i heile det tidsrommet som er omhandla. Lagnaden til byen var uløyseleg knytt til banen og bolaget, og malmeksporten like mye til internasjonale konjunkturar som til nasjonale og regionale utviklingstrekk og hendingar. I tillegg til sjølve byhistorieverket ligg det ved eit tredelt ”refleksjonstillegg”. Del 1 heiter Konstruksjon av byfellesskap og byidentitet – om identitetsskaping i lokalhistorien, medan del 2 krinsar rundt omgrep som kritikk og konstruksjon, analyse og syntese, og er ei analyse av Nils A. Ytreberg sin to bind byhistorie om Narvik, publisert i 1953-54. Delen har tittelen Narviks historie mellom kritikk og konstruksjon. Den siste delen i refleksjonstillegget handlar om Lokalhistorias skaping av ”minnestader”. Samla er arbeida meint å vere både eit bidrag til norsk og nordnorsk byhistorie, og som teoretisk og metodisk tilnærming til byhistoriefeltet.en
dc.descriptionDette er en del av Aas' doktoravhandling. Avhandlingens hoveddel er utgitt som bok og er ikke gjort tilgjengelig elektronisk: Aas, Steinar: Narviks historie. Bind 1 1902-1950. Byen, banen og bolaget. Narvik, Stiftelsen Narviks historieverk, 2001. ISBN 82-996128-1-0en
dc.format.extent833699 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/658
dc.identifier.urnURN:NBN:no-uit_munin_438
dc.language.isonnoen
dc.publisherUniversitetet i Tromsøen
dc.publisherUniversity of Tromsøen
dc.rights.accessRightsopenAccess
dc.rights.holderCopyright 2007 The Author(s)
dc.subjectVDP::Humaniora: 000::Historie: 070::Moderne historie (etter 1800): 083en
dc.subjectNarviken
dc.subjectNord-Norgeen
dc.subjectlokalhistorieen
dc.subject1900-talleten
dc.subjecthistorisk framstillingen
dc.subjectbyen
dc.subjectbyhistorieen
dc.subjecturban historyen
dc.subjecthistoriografien
dc.subjectidentitetsskapingen
dc.subjectnordnorsk historieen
dc.titleEi byhistorie om Narvik 1902-1950. Eit refleksjonstillegg.en
dc.typeDoctoral thesisen
dc.typeDoktorgradsavhandlingen


File(s) in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following collection(s)

Show simple item record