dc.contributor.advisor | Hamran, Torunn | |
dc.contributor.author | Gramstad, Astrid | |
dc.date.accessioned | 2014-11-28T12:16:36Z | |
dc.date.available | 2014-11-28T12:16:36Z | |
dc.date.issued | 2014-09-26 | |
dc.description.abstract | Formidling av tekniske hjelpemiddel er eit hyppig brukt verkty for å gjere eldre i stand til å bu heime så lenge som mogleg. Likevel veit ein lite om korleis eldre erfarer det å få og å ta i bruk tekniske hjelpemiddel. Kunnskap om erfaringane til brukarar av hjelpemiddel kan bidra til ei vidareutvikling av klientsentrerte og effektive helsetenester. Formålet med prosjektet var difor å undersøkje korleis eldre erfarer behov for og bruk av eit nytt teknisk hjelpemiddel til forflytting og eigenpleie. I tillegg undersøkte me korleis eldre erfarer formidlingsprosessen.
Eldre personar som hadde søkt om eitt eller fleire tekniske hjelpemiddel vart intervjua tre gonger kvar, med nokre månaders mellomrom. Intervjua vart analysert med ei hermeneutisk-fenomenologisk forskingstilnærming.
Resultata viste at avgjersla om å søkje om eit hjelpemiddel kan vere ein langvarig og subtil prosess som inneber kreativ problemløysing, å bli klar over aktuelle tekniske løysingar og å vurdere desse løysingane i lys av moglege fordelar og ulemper. Meining med og bruk av hjelpemiddel må forståast kontekstuelt, med blikk for dei sosiale og fysiske samanhengane det inngår og vert gjort relevant i, av brukaren og andre. Eit nytt hjelpemiddel vil kunne bidra til auka meistring, håp, eigenverd, sjølvstende og ei kjensle av å vere budd på framtidige vanskar. Erfaringar med hjelpemiddelformidlingsprosessen kan skildrast som ei gåtefull reise. Ei slik reise kunne innebere uventa hendingar som utfordrar brukaren sine forståingar av seg sjølv, av hjelpemiddelet og av helsepersonell.
I lys av resultata kan ein seie at helsepersonell som arbeider med formidling av tekniske hjelpemiddel må vere sensitive ovanfor brukarar sine behov og erfaringar. Helsepersonell må anerkjenne brukaren som ein aktiv deltakar, og ha eit blikk for fleire av dei kontekstane som brukaren deltek i. | en |
dc.description.doctoraltype | ph.d. | en |
dc.description.popularabstract | Denne avhandlinga undersøkjer korleis eldre erfarer prosessen med å få og å ta i bruk eit teknisk hjelpemiddel. Eldre personar som hadde søkt om eitt eller fleire tekniske hjelpemiddel vart intervjua tre gonger kvar, med nokre månaders mellomrom. Intervjua vart analysert med ei hermeneutisk-fenomenologisk forskingstilnærming.
Resultata viste at avgjersla om å søkje om eit hjelpemiddel kan vere ein langvarig og subtil prosess som inneber kreativ problemløysing, å bli klar over aktuelle tekniske løysingar og å vurdere desse løysingane i lys av moglege fordelar og ulemper. Meining med og bruk av hjelpemiddel må forståast kontekstuelt, med blikk for dei sosiale og fysiske samanhengane det inngår og vert gjort relevant i, av brukaren og andre. Eit nytt hjelpemiddel vil kunne bidra til auka meistring, håp, eigenverd, sjølvstende og ei kjensle av å vere budd på framtidige vanskar. Erfaringar med hjelpemiddelformidlingsprosessen kan skildrast som ei gåtefull reise. Ei slik reise kunne innebere uventa hendingar som utfordrar brukaren sine forståingar av seg sjølv, av hjelpemiddelet og av helsepersonell.
I lys av resultata kan ein seie at helsepersonell som arbeider med formidling av tekniske hjelpemiddel må vere sensitive ovanfor brukarar sine behov og erfaringar. Helsepersonell må anerkjenne brukaren som ein aktiv deltakar, og ha eit blikk for fleire av dei kontekstane som brukaren deltek i. | en |
dc.description | The papers of the thesis are not available in Munin:
1. Gramstad, A., Storli, S. L., & Hamran, T. ''Do I need it? Do I really need it?' Elderly peoples experiences of unmet assistive technology device needs', Disability and Rehabilitation: Assistive Technology, 2013; 8(4), 287-293, available at http://dx.doi.org/10.3109/17483107.2012.699993

2. Gramstad, A., Storli, S. L., & Hamran, T.: 'Older individuals’ experiences during the assistive technology device provision process', Scandinavian journal of occupational therapy, 2014; 21: 305–312, available at http://dx.doi.org/10.3109/11038128.2013.877070

3. Gramstad, A., Storli, S. L., & Hamran, T.: 'Exploring the meaning of a new assistive technology device for older individuals', accepted manuscript version. Published version: Disability and Rehabilitation: Assistive Technology, 2014; 9(6): 493–498, available at http://dx.doi.org/10.3109/17483107.2014.921249 | en |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10037/6844 | |
dc.identifier.urn | URN:NBN:no-uit_munin_6445 | |
dc.language.iso | nno | en |
dc.publisher | UiT The Arctic University of Norway | en |
dc.publisher | UiT Norges arktiske universitet | en |
dc.rights.accessRights | openAccess | |
dc.rights.holder | Copyright 2014 The Author(s) | |
dc.rights.uri | https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0 | en_US |
dc.rights | Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0) | en_US |
dc.subject | VDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Other health science disciplines: 829 | en |
dc.subject | VDP::Medisinske Fag: 700::Helsefag: 800::Andre helsefag: 829 | en |
dc.title | Å få og å ta i bruk eit teknisk hjelpemiddel - ei gåtefull reise. Ei kvalitativ undersøking av heimebuande eldre sine erfaringar. | en |
dc.type | Doctoral thesis | en |
dc.type | Doktorgradsavhandling | en |