Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGjelland, Karl Øystein
dc.contributor.authorRustadbakken, Atle
dc.contributor.authorHaugen, Thrond O
dc.contributor.authorSandlund, Odd Terje
dc.date.accessioned2015-02-25T14:18:46Z
dc.date.available2015-02-25T14:18:46Z
dc.date.issued2013
dc.description.abstractTrål har i liten grad vore brukt ved undersøkingar av fiskesamfunn i norske innsjøar. Gjennom innføringa av Vanndirektivet har Norge forplikta seg til meir regulær oppfølging av den økologiske tilstanden i større vassførekomstar. Tettleik, rekruttering, artsfordeling og vekst hjå fisk er alle parametrar der ein kan forvente relativt rask respons på miljøendringar. Det er derfor viktig å ha datainnsamling med verktøy som gjev eit mest mogeleg representativt bilete av fiskebestandane. Ekkolodd er det viktigaste instrumentet for fiskemengdemåling i dag. Samanlikna med prøvefiskegarn som berre gir relative tettleiksmål som fangst per innsats, gir ekkoloddet kvantitative mål på fiskemengde per overflateareal og vassvolum. Men ekkoloddet gir ikkje direkte informasjon om art, og data frå ekkoloddkøyringar må derfor alltid supplerast med data frå ein eller fleire fangstmetodar. I denne samanheng er trål ein viktig reiskap. Tråling gjev både biologisk materiale og kvantitativ informasjon om fisketettleik, samt at den kan fange godt på liten fisk som er vanskeleg å fange med garn. Målet med denne undersøkinga var å skaffe erfaring med tråling med ein ny og lett trål tilpassa ferskvassbruk. Samtidig ville me gjere undersøkingar med garnfangsting med multigarn, og bruk av fleire ekkolodd og frekvensar for å vurdere samsvaret dei imellom. Undersøkinga blei gjennomført i Mjøsa, sør for Mjøsbrua 11.-14. september 2012. Det vart køyrt trål og ekkolodd (70 og 200 kHz) i tre netter og fiska med garn i to netter. Trål og flytegarnfisket blei gjennomført i djupneintervalla 0-6 m og 15-22 m. Samla var fangstane 805 fisk i trålen, 305 fisk i flytegarna, og 413 fisk i botngarn. Drøftinga av resultata fokuserer på den pelagiske fisken. Trålfangsten og garnfangsten utfyller kvarandre. Trålen fanga godt på 0+ krøkle, som ikkje vart fanga på garn. Samstundes fanga trålen lite fisk >15 cm, storleikar som utgjorde ein stor del av garnfangsten. Med berre ein av metodane (trål eller garn) ville me fått eit mykje dårlegare bilete av fiskesamfunnet. Fangstane i pelagialen var dominerte av krøkle. Grovt estimerte tettleikar ut frå trålfangstane var i same storleiksorden som akustisk estimerte tettleikar. Både i fangstar og med ekkolodd observerte me ein storleiksstrukturert fiskebestand. I storleiksfordelinga frå fangstane observerte me ein topp kring 30-35 cm beståande av sik, ein kring 19-23 cm beståande av lagesild og stor krøkle, ein topp kring 12 cm (krøkle), samt ein topp kring 5 cm (0+ krøkle). Tilsvarande var det fire toppar i ekkostyrkefordelinga, men ingen av dei vanleg brukte regresjonane mellom lengde og ekkostyrke gav god tilpassing mellom fiskelengde og ekkostyrke for alle toppane. Me observerte tydelege habitatskilnader mellom ulike artar og storleiksgrupper både i fangstar og med ekkolodd, ein klar indikasjon på at observasjonar med ekkoloddet kan brukast til å indikere ulik habitatfordeling mellom ulike storleiksgrupper og artar i fiskesamfunnet. Me fann vidare godt samsvar mellom resultata frå dei ulike ekkolodda (to 70 kHz og eit 200 kHz). Som forventa kunne 200 kHz også brukast til å skilje Mysis frå fisk.en_US
dc.identifier.cristinIDFRIDAID 1033458
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/7230
dc.identifier.urnURN:NBN:no-uit_munin_6760
dc.language.isonoben_US
dc.publisherNorsk institutt for naturforskning Tromsøen_US
dc.relation.ispartofseriesNINA rapport 927en_US
dc.rights.accessRightsopenAccess
dc.subjectVDP::Matematikk og Naturvitenskap: 400::Zoologiske og botaniske fag: 480::Marinbiologi: 497en_US
dc.titleForsøk med trål og ekkolodd i Mjøsa, 2012en_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.typeForskningsrapporten_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel