dc.contributor.advisor | Johansson, Ann-Marlene | |
dc.contributor.author | Rimstad, Åsta | |
dc.date.accessioned | 2015-05-08T10:36:44Z | |
dc.date.available | 2015-05-08T10:36:44Z | |
dc.date.issued | 2015-04-23 | |
dc.description.abstract | Avhandlinga undersøker føresetnadar for arbeid med samansette samtidsuttrykk i kunst og handverksfagets undervisningspraksis. Den tek for seg kva betyding eksisterande tankesett, omgrep, kvalitetsforståingar og vurderingskriterium har i den fagdidaktiske praksisen. Studien kastar òg lys over korleis eksisterande fagideologiar og institusjonelle mønster påverkar bestemmingar og forståingar av skapande prosessar.
Det har vore lite forsking kring produksjonssida ved installasjonar. Det er difor eit mål å få auka kunnskap om korleis skapande prosessar med installasjonar kan gå føre seg. Som empiri blir det dels brukt djupneintervju av lærarar som har undervist i samtidskunstuttrykk, og dels to undervisningsopplegg der studentar skaper installasjonar. Studentanes prosessar blir studert utifrå eit sosialsemiotisk-, sosiokulturelt- og multimodalt perspektiv, der forsking kring materialitet og immaterialitet og installasjonskunsten som genre blir kopla inn. Studien sekvenserar studentanes prosessar og studerer desse på mikronivå. Mikroanalysane dokumenterer korleis studentar bruker modalitetar, komposisjonelle prinsipp og verkemiddel for å skape teikn og meining i arbeid med installasjonar. Analysane fokuserer på kva ressursar som blir brukt for å tolke, bearbeide, transformere og skape teikn og meining i installasjonar. Studien undersøker òg kva betyding opplevings og erfaringsaspektet har i dei skapande prosessane.
Studentane gjorde bruk av fortellande element der modalitetane i større grad fungerte som allegoriar. I installasjonane fekk den enkelte modalitet fyrst teikn- og meiningsfunksjon i samanstillinga og i samspelet med dei andre modalitetane. Studentanes erfaringar var ein kombinasjon av sansing og erkjenning. I prosessane fungerte denne kombinasjonen som eit bindeledd mellom det materielle og det immaterielle. Resultata viser til meir samtidskunstnariske og multimodale måtar å tenke, snakke og handle kring skapande prosessar. Resultata viser òg potensialet til ein samtidskunstnarisk literacy innanfor kunst og handverksfagets undervisningspraksis. | en_US |
dc.description.doctoraltype | ph.d. | en_US |
dc.description.popularabstract | Avhandlinga undersøker føresetnadar for arbeid med samansette samtidsuttrykk i kunst og handverksfagets undervisningspraksis. Gjennom to undervisningsopplegg blir studentars arbeid med installasjonar studert utifrå eit sosialsemiotisk-, sosiokulturelt- og multimodalt perspektiv. Studien undersøker kva ressursar som blir brukt for å tolke, bearbeide, transformere og skape teikn og meining i installasjonar. Resultata viser at studentane gjorde bruk av fortellande element der modalitetane i stor grad fungerte som allegoriar. I installasjonane fekk den enkelte modaliteten fyrst teikn- og meiningsfunksjon i samspelet med dei andre modalitetane. Studentanes erfaringar var ein kombinasjon av sansing og erkjenning. I prosessane fungerte denne kombinasjonen som eit bindeledd mellom det materielle og det immaterielle. Resultata viser òg potensialet til ein samtidskunstnarisk literacy innanfor kunst og handverksfagets undervisningspraksis. | en_US |
dc.description.sponsorship | Høgskolen i Telemark | en_US |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10037/7658 | |
dc.identifier.urn | URN:NBN:no-uit_munin_7248 | |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | UiT Norges arktiske universitet | en_US |
dc.publisher | UiT The Arctic University of Norway | en_US |
dc.rights.accessRights | openAccess | |
dc.rights.holder | Copyright 2015 The Author(s) | |
dc.rights.uri | https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0 | en_US |
dc.rights | Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0) | en_US |
dc.subject | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280 | en_US |
dc.subject | VDP::Social science: 200::Education: 280 | en_US |
dc.title | Teikn- og meiningsskaping i studentars arbeid med installasjonar. | en_US |
dc.type | Doctoral thesis | en_US |
dc.type | Doktorgradsavhandling | en_US |