Abstract
Oppgåva diskuterer kva slags prioriteringar som vert viktigast i omsetjing av hovudverket til Konstantin Stanislavskij, 70 år etter det er gjeve ut. To kapittel frå boka Rabota aktjora nad soboj v tvortsjeskom protsesse er vald ut til omsetjing, og deretter er vala tatt i omsetjinga diskutert og drøfta i lys av ulike omsetjingsteoriar. Særskild viktig har det vore å sjå på dei retoriske grepa Stanislavskij tek i boka, og korleis enkelte av dei gjennomgåande uttrykka hans skal omsetjast. Oppgåva kan lesast som ei innføring i teaterteori sett frå Stanislavskij, og delvis som ei grunnleggande innføring i omsetjing.