Dagtilbod under lupen. Ein studie av dagtilbod til vaksne med utviklingshemming
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/11356View/ Open
(PDF)
Vedlegg 1 (PDF)
Vedlegg 2 (PDF)
Vedlegg 3 (PDF)
Vedlegg 4 (PDF)
Vedlegg 5 (PDF)
Vedlegg 6 (PDF)
Date
2016-04-29Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Nygård, SølviAbstract
Formålet med denne studien har vore å få meir innsikt og forståing for korleis ulike forhold verkar inn og får konsekvensar for brukarar sitt dagtilbod.
Sju tilsette i kommunale dagsentra har deltatt. Under intervju har dei skildra forhold dei opplever er viktige for at eit dagtilbod skal vere tilpassa brukarane sine eigne ønskjer og behov.
Tilsette sine skildringar er blitt drøfta i lys av eit empowermentperspektiv, samt eit kommunikasjon- og samspelsperspektiv. Tilsette sine erfaringar er og sett i samband med tidlegare forsking.
Undersøkinga syner forhold som er viktige for vaksne med utviklingshemming sitt dagtilbod, funn ein kan relatere til den individuelle dimensjonen ved empowerment. Det vert mellom anna lagt vekt på tilrettelegging av arbeidsoppgåver og aktivitetar på ein slik måte, at brukarar opplever mestring og glede i kvardagen sin. Det er viktig at den enkelte blir sett, forstått og tatt på alvor. Funn syner også korleis samfunnsmessige tilhøve verkar inn på brukarar sitt dagtilbod, forhold ein kan relatere til den strukturelle dimensjonen ved empowerment. Studien syner at tilstrekkeleg og stabil bemanning har stor tyding. Andre forhold som kan trekkast fram, er tilgang på ulike fasilitetar, utstyr og transport. Korleis tenestene er organisert spelar og ei viktig rolle.
Publisher
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2016 The Author(s)
The following license file are associated with this item: