”Fysioterapeuten si oppgåve er ikkje bestandig.. kom igjen her skal vi trene” - fysioterapeutars erfaringar med behandling av personar med Akutt Inflammatorisk Demyeliniserande Polynevropati i tidleg fase
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/12742Dato
2016-05-11Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Vattøy, Eline GurskevikSammendrag
Bakgrunn: Det er mangelfull kunnskap om fysioterapi til personar med Akutt Inflammatorisk Demyeliniserande Polynevropati (AIDP), særleg når det gjeld val og vurderingar knytt til å bevare og bygge funksjon i tidleg fase av sjukdommen. Hensikta med studien er å dokumentere og analysere fysioterapeutar sine erfaringar og refleksjonar knytt til undersøking og behandling av personar med AIDP, for å utvikle kunnskapsbasen på feltet. Metode: Eit strategisk utval med fire fysioterapeutar som jobbar på akutte nevrologiske avdelingar er valt, og det er gjennomført kvalitative forskingsintervju. Temabasert analyse i tråd med systematisk tekstkondensering er utført. Teori som belyser konsekvensar av AIDP sett i naturvitskapleg og kroppsfenomenologisk perspektiv, praksiskompleksitet, relasjonsetikk og klinisk resonnering utgjer den teoretiske referanseramma.
Resultat: Innsiktene kom fram gjennom tre hovudkategoriar: ”Å sjå pasienten: Nærleik – avstand og felles prosjekt”, ”Å fylgje nedturen: kontinuerleg vurdering” og ”Oppbygging: steg for steg”. Desse kategoriane leia fram til ein overordna kategori; ”Spenningsfeltet profesjonell usikkerheit – sikkerheit”. Det relasjonelle i fysioterapi står fram som overordna og avgjerande i undersøking og behandling av pasientane. Å bygge eit nært forhold til pasienten samstundes med ei profesjonell distanse, står fram som eit hovudpoeng. Her integrerast etiske vurderingar og å sjå pasienten som person, for å skape grobotn for å lage eit felles prosjekt. Ulike integrerte resonneringsstrategiar informert av kunnskap om kropp, sjukdom og bevegelsesanalyse står fram som sentralt for å utvikle kunnskap i situasjonane saman med pasienten, for å treffe individuelle tiltak. Den kliniske resonneringa går føre seg gjennom verbal og kroppsleg dialog mellom terapeut og pasient. Kliniske ferdigheiter, mellom anna i form av handteringsteknikkar, i tillegg til det relasjonelle og etiske, synast å vere essensielt for kunnskapsutviklinga. Dette betyr at det som skapast gjennom samhandling i situasjonen vert avgjerande for kva slags tiltak som er adekvate, for å bevare og bygge opp mest mogleg funksjon.
Konklusjon: I resultata trer det fram eit dynamisk spenningsfelt som handlar om å utvikle profesjonell sikkerheit i ein usikker situasjon. Dette fordrar sensitivitet overfor pasientane i den aktuelle konteksten for å få tilgang til den kroppslege og verbale informasjonen og kunnskapen som utspelar seg i situasjonen. Denne studien er ikkje utfyllande, og det er behov for ytterlegare forsking på feltet.
Nøkkelord: fysioterapi, AIDP i tidleg fase, praksiskompleksitet, relasjonsetikk, klinisk resonnering
Forlag
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2016 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: