Minnet om unionstida i Danmark og Noreg. Ein analyse av framstillingar av den dansk-norske unionen i danske og norske lærebøker og historieundervising
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/13651Date
2018-05-15Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Dyrstad, Emilie FløloAbstract
Denne masteroppgåva viser at minnet av unionstida innehar ulike plassar i dansk og norsk vidaregåande skule, både i lærebøker og i historieundervisinga. Eg har gjennomført ein narrativ analyse av tre danske og to norske lærebøker (2011-2015), samtidig som eg har intervjua både norske og danske lærarar. Perioden er avgrensa til hendingane rundt reformasjonen, innføringa av eineveldet, og unionsoppløysinga.
Eg har hatt tre hypotesar, der fellesnemnaren for desse er at unionstida innehar ulik plass i dei ulike nasjonale forteljingane. Dette finn eg blant anna i framstillinga av reformasjonen der dei danske lærebøkene framstiller denne hendinga som ei religiøs endring, medan dei norske lærebøkene framstiller dette som ei politisk endring. Begge framstillingane er eit brot i historia. Innføringa av eineveldet kan sjåast på som ein kontinuitet i dansk historie på veg framover mot demokratiet. I norsk samanheng kan dette heller vere eit forstadium og ein negativ kontrast til brotet som kom i 1814. Dette året har ulik betyding i dansk og norsk historie, der det vert sett på som ”tabet af Norge” i Danmark, men ”mirakelåret” i Noreg. Dette synast også i lærebøkene. Lærarane bekreftar at unionstida innehar heilt ulik plass i den norske og den danske vidaregåande skulen. I Danmark brukar lærarane lite tid på dansk historie generelt, men dersom det vert vektlagd er fokuset det moderne Danmark med eit blikk ut mot Europa. Dei norske lærarane legg fram at dei vektlegg utgangen av unionen i større grad enn resten av ”dansketida”.
Publisher
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2018 The Author(s)
The following license file are associated with this item: