Omsorg for den samfunnsnyttige kroppen
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/14324Date
2010Type
Journal articleTidsskriftartikkel
Peer reviewed
Abstract
Den franske filosofen Michel Foucault argumenterte for at ein har styrt moderne samfunn ved hjelp av samankoplingar mellom kroppslege praksisar og vitskap. Denne styringsforma kalla han disiplinering. I denne artikkelen argumenterer me for at den politiske argumentasjonen i siste halvdel av 1800-talet og starten av 1900-talet, om å legge om frå folkeleg til borgarleg reinsemd, kan ha vore ein lekk i eit omfattande politisk disiplineringsarbeid. Vidare argumenterer me for at dei kroppslege vaskenormene som oppstod i denne perioden, står ved lag i vår tid. Argumentasjonen byggjer på analyser av lærebøker i sjukepleie frå fortid og notid, på studiar om reinsemd i fortid og notid og på sosiologen Norbert Elias sin sosialiseringsargumentasjon.