Tidsskriftet Håløygminne (1920-2019). Nordnorsk kulturreising gjennom hundre år.
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/16042Date
2019-05-21Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Remen, Søgni GjerløwAbstract
I 2019 feirar tidsskriftet Håløygminne 100 år. Gjennom denne tida har tidsskriftet vore ein sentral aktør i det lokalhistoriske arbeidet i den nordnorske regionen, og har såleis bidratt til å bygge opp bevisstheita om og stoltheita over Nord-Noreg og nordlendingen. No er det Håløygminne sin tur til å få ein plass i historieforskinga. Hensikta med denne avhandlinga har nettopp vore å kaste lys over Håløygminne si verksemd gjennom dei siste 100 åra, med fokus på dei bibliografiske tilhøva i tidsskriftet og tidsskriftet si tematisering av nordnorsk kultur, historie og eigenart. I tillegg blir tidsskriftet si verksemd vurdert i forhold til den nordnorske regionalismerørsla knytt til perioden frå 1789 og fram til i dag. Problemstillingane har for det første vore løyst gjennom ei historisk-bibliografisk tilnærming basert på eit bokhistorisk teorigrunnlag, for det andre gjennom ei nærlesing av kjeldematerialet med utgangspunkt i analysemetodikk som mellom anna representasjonsanalyse. Resultatet av forskinga viser at Håløygminne stort sett har endra seg i tråd med samfunnsutviklinga for øvrig, både når det gjeld bibliografi og innhald. Såleis har tidsskriftet til ein viss grad falle saman med utviklinga innanfor den nordnorske regionalismerørsla, sjølv om redaksjonen eigentleg var fristilt frå prosjektet som sådan.
Publisher
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2019 The Author(s)
The following license file are associated with this item: