Bokmåls- og talemålsavvik i nynorske elevtekstar. Ein kvantitativ studie om bokmåls- og talemålsavvik i tekstar skrivne av elevar med nynorsk som hovudmål.
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/18872Date
2020-06-02Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Røhme, Thea ØvregardAbstract
Denne undersøkinga tek føre seg bokmåls- og talemålsavvik i tekstar skrivne av elevar med nynorsk som hovudmål. Datagrunnlaget er 44 tekstar skrivne av 44 elevar med nynorsk som hovudmål, fordelte på fem skular i Sogn. Det er ei kvantitativ undersøking der avvika i elevtekstane er registrerte i ulike avvikskategoriar og delte inn i om dei er bokmålssamanfall, talemålssamanfall, ikkje bokmåls- eller talemålssamanfall eller uplasserte. I tillegg til å skriva ein tekst kvar, svara elevane på sju spørsmål med faste svaralternativ om eigne lese- og dialektvanar. Resultata i undersøkinga viser at 47 prosent av avvika i elevtekstane fell saman med bokmålsnorma medan 17,6 prosent fell saman med talemålet til elevane. Jentene i undersøkinga har 53,6 prosent fleire bokmålsavvik enn gutane, medan gutane har noko meir talemålsavvik enn jentene.
Publisher
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2020 The Author(s)
The following license file are associated with this item: