Dei falnes dal: 80 år med minne og gløymsle om den spanske borgarkrigen
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/21487Dato
2021-05-18Type
MastergradsoppgaveMaster thesis
Forfatter
Sælthun, SigurdSammendrag
I dei siste åra har Spania vore utsett for ei gradvis aukande splid i synet på Den spanske borgarkrigen og diktaturet som fulgte. Under overgangen til demokrati valgte ein å ikkje behandle fortida, men inngjekk i staden ei uskreven pakt om å ikkje omtale den. Når denne pakta vart broten i 2000 førte det til ei større minnekonflikt braut ut, splitta samfunnet og åpna gamle sår. I senter for denne minnekonflikta står Dei falnes dal, eit kompleks utanfor Madrid som beveger seg mellom å vere eit monument, eit minnesmerke, ei massegrav, eit gudshus, og eit mausoleum. Medan den eine sida av konflikta har hevda at monumentet er eit symbol på diktaturet og deira splittande syn på borgarkrigen, meiner den andre at den tvert om er eit bevis på at landet er forsona etter krigen. Konflikta toppa seg i oktober 2019 når den tidlegare diktatoren Francisco Franco blei fjerna frå Dei falnes dal etter fleire år med politisk kamp. Denne oppgåva tek sikte på å beskrive korleis ein har forsøkt å skape eit felles minne om borgarkrigen gjennom det viktigaste symbolet på denne hendinga: Dei falnes dal. Viktige tema for oppgåva er samspelet og gnisningane mellom det Aleida Assmann har kalla eit politisk og eit sosialt minne, samt Halbwachs sine tankar om kollektivt minne. Monumentet blir brukt for å vise korleis minnet har endra seg gjennom diktaturperioden og over i det demokratiske Spania.
Forlag
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2021 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: