"Kjærleiken gjev oss eit andlet" : ein analyse av Hanne Aga: Bror sorg
Author
Eriksen, Hilde Kat.Abstract
Hovudoppgåva ”- Kjærleiken gjev oss eit andlet” drøftar poesiromanen Bror sorg av Hanne Aga, ut frå eit psykoanalytisk og narratologisk perspektiv. Teoretisk kviler analysen på den franske psykoanalytikeren Jacques Lacan sine teoriar, ei fortolking av klassisk freudianisme basert på strukturalisme og post-strukturalisme. Dei narratologiske omgrepa i analysen er henta hos den franske litteraturteoretikaren Gérard Genette.
Boka inneheld korte tekstar med poetiske drag, og står fram som ei forteljing gjennom at det kan påvisast ei utvikling gjennom tekstane, ikkje berre ein tematisk samanheng. Her er og eit gitt persongalleri med ein tydeleg hovudperson. I boka speglast ein imaginær skriveprosess, der hovudpersonen i boka er identisk med den imaginære forteljaren. Historia i boka skildrar eit kjærleiksforhold mellom bror og søster, åtskiljing, samanbrot og framveksten av nytt språk og ein klår identitet hos hovudpersonen. Hovudpersonen blir gjennom ein analytisk, terapeutisk samtale brakt frå samanbrot og ein psykotisk tilstand tilbake til ein samanheng der ho kan huske, forstå, og sjå seg sjølv som eit individ åtskild frå andre. Historia blir fortalt på ein måte som kombinerer element frå ulike typar tekst, og forteljinga skiftar raskt mellom oppleving, refleksjon, skildrande innslag og poetiske ytringar.
Innhaldet er analysert i nær samanheng med påvising av handling, forløp i tid, forteljarstemme, plassering i tid og stad. Boka er plassert i ein litteraturhistorisk samanheng, og er samanlikna med andre verk med liknande sjangerdrag og komposisjon.

Description
Dette er en hovedfagsoppgave.
Publisher
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 1991 The Author(s)
The following license file are associated with this item: