Trykkplasseringa i latinske lånord og partikkelverb i tre norske dialektområde
Abstract
Denne artikkelen granskar sambandet mellom trykkplassering i latinske lånord (som butikk) og partikkelverb (som gå ut), der trykkplasseringa på fyrstestavinga eller sistestavinga varierer. Med di partikkelverb har ein del av variasjon som skriv seg frå innomspråklege strukturelle faktorar, reknar me med at desse faktorane ikkje påverkar latinske ord i like stor grad. Ved å granska ikkje-syntaktisk variasjon i latinske ord, vonar me å forstå trykkvariasjon i partikkelverb betre. Med LIA og NDK granska me talarar frå fylka Trøndelag, Hedmark og Finnmark. Ingen av dialektane hadde ei kategorisk trykkplassering, men Trøndelag skilde seg ut med mest fyrstestavingstrykk både i latinske ord og partikkelverb. Hedmark hadde meir variabel distribusjon, med overvekt av fyrstestavingstrykk. Finnmark hadde berre sistestavingstrykk i dei latinske orda, men det var ganske jamt fordelt mellom fyrste- og sistestavingstrykk i partikkelverba. Fyrstestavingstrykk i partikkelverb, altså på verbet, var den klåre preferansen for alle områda utanom Finnmark, som syntest å ha ein blanda preferanse mellom trykk på verb eller partikkelen. LIA og NDK er veleigna for prosodisk gransking.
Description
Publisher
Novus forlagCitation
Tengesdal, Lundquist: Trykkplasseringa i latinske lånord og partikkelverb i tre norske dialektområde. In: Hagen K, Kristoffersen G, Vangsnes ØA, Åfarli TA. Språk i arkiva. Ny forsking om eldre talemål frå LIA-prosjektet , 2021. Novus Forlag p. 129-154Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2021 The Author(s)