Maktstrukturar og rollekonfliktar i sjukepleiaryrket: Ei kvalitativ studie av utfordringar sjukepleiarar ved DPS møter i sin arbeidskvardag
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/33849Date
2024-05-31Type
MastergradsoppgaveMaster thesis
Author
Tang, Marianne LomheimAbstract
Denne studia undersøkjer kva utfordringar sjukepleiarar ved Distriktspsykiatriske Sentre (DPS) møter i sin arbeidskvardag. Bakgrunnen for studia dei betydelege strukturelle endringane i tenestene for psykisk sjuke dei siste tiåra. Endringane i strukturen på norsk psykiatri er forankra i politiske, økonomiske og etiske argument. Denne studia søkjer imidlertid å utforske sjukepleiarane sine eigne opplevingar av tenestene slik dei er strukturerte i dag, samt kva utfordringar dei identifiserer i ivaretagelsen av personar med langvarig og alvorleg psykisk sjukdom innanfor desse rammebetingelsane. Det empiriske grunnlaget i oppgåva er djubdeintervju med sju sjukepleiarar som alle har erfaring frå DPS. I analysen kom det tydeleg fram at dei utfordringane sjukepleiarane står ovanfor i sin kvardag, kan forståast ut frå tre dimensjonar: utfordringar dei opplever i lys av dei strukturelle rammene dei operer innanfor, utfordringar dei står ovanfor på eit organisatorisk nivå og utfordingar dei opplever å stå i ovanfor i møte med pasientane i psykiatrien. Desse ulike aspekta vidare blir drøfta opp mot Michel Foucault sine perspektiv rundt maktstrukturar i moderniteten og Michael Lipsky sin teori om bakkebyråkratane sine dilemma. Studia konkluderer med at den største utfordringa i alle aspekt av sjukepleiarane sin arbeidskvardag, er gapet mellom ideal og realitetar ved DPS. Sjukepleiarane opplever store skilnader mellom deira oppleving av tenestene i praksis og dei visjonane politiske retningslinjer har for tenestene. Dette gapet mellom ideal og realitetar viser seg også i det sjukepleiarane opplever som eit misforhold mellom ressursar og behov i tenestene. Eit misforhold som ofte resulterer i at sjukepleiarane befinn seg i dilemmaet mellom å oppfylle organisatoriske mål eller å prioritere pasientane sine behov i sin arbeidskvardag. Eit anna sentralt funn, er at delar av dette misforholdet mellom ressursar og behov i tenestene, blir absorbert og dempa ved at sjukepleiarane strekk seg langt og nyttar den makta dei sjølve har til å definere eigen arbeidskvardag for å imøtekomme pasientane sine behov.
Publisher
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2024 The Author(s)
The following license file are associated with this item: