Folkesongen frå private rom til scena: Endringar i norske folkesongpraksisar frå 1950-talet og fram til i dag
Sammendrag
Utviklinga av folkesongen i Noreg dei siste seksti til sytti åra har vore formidabel. Mellom anna i Noreg og i Sverige er det påvist ei vokal bølge innan folkesong i tiåra før siste hundreårsskiftet (Gjertsen, 1996, s. 2; Åkesson, 2007). Ein kan omtale denne utviklinga i folkesongen som ei endring frå kvardagssong og allemannseige til nærast ein elitekultur (Espeland, 2002). Der visebølga på 1960- og 70-talet gjorde folkesongen til eit middel til samfunnsendring, vart han i den vokale bølga objektivert som kunstverk (Klafki, 2018; Nielsen, 1998).3 I den vokale bølga finn me endringar i form av auka profesjonalisering, institusjonalisering og medialisering av folkesongen.
Denne artikkelen handlar om korleis sentrale aktørar i det norske folkesongfeltet skildrar sine erfaringar med endringar i norsk folkesong. Seks intervju gjev eit innblikk i korleis pionerar innan norsk folkesong som var aktørar i visebølga opplevde dette, og i ei personleg forteljing skriv folkesongar og artikkelforfattar Opheim om korleis ho som folkesongar i dag skapar sin profesjonelle songpraksis. Intervjua gjev grunnlag for ei større forteljing om endringar identifisert i ulike spenningsfelt i den norske folkesongen. Artikkelen handlar om å forstå praksisar der musikk tar form, om utviklingstrekk innafor fagtradisjonar og om å trekke historiske linjer og å analysere og kontekstualisere utvikling i musikalske praksisar over tid.
Forlag
FagbokforlagetSitering
Osa, Opheim: Folkesongen frå private rom til scena: Endringar i norske folkesongpraksisar frå 1950-talet og fram til i dag. In: Hagen ANH, Solberg RTS, Nærland TU, Duch MF. Når musikken tek form: Om skapande praksisar i musikk, 2024. Fagbokforlaget p. 39-70Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2024 The Author(s)