Bruk av frysebehandling, tilsetjingsstoff eller saltemetodar ved produksjon av saltfisk : verknad på farge og utbytte hos saltmodna og utvatna produkt
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/4157Dato
2011-11-28Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Oldeide, Linda AgatheSammendrag
Saltfisk i dag er ikkje berre næringsrik mat, det er også festmat. Utfordringane rundt dette er at forbrukaren set andre krav til fisken enn bare at den skal smake godt. Det er i dag viktig at den ser bra ut òg. Dette er ei utfordring for fiskerinæringa der kvantum som regel trumfe kvalitet og ein får då gjerne ein fisk som smakar godt og er sunn, men har eit utsjåande med potensiale for forbetring. Det er også viktig å ha ei god forteneste på fisken i ein konkurranseprega marknad der små marginar avgjer om bedrifta er liv laga eller har kroken på døra.
I denne oppgåva blei det studert om det er mulig å få betre vektutbytte og lysare saltfisk for å tilfredstille både produsent og forbrukar. Det blei totalt gjort ni forsøk, der seks var i samarbeid med Nofima.
Det beste vektutbytte på saltmoden og utvatna fisk fekk ein på fisken som har vore fryselagra. Der var det forsøka med injisering av salt og fosfat, og kontroll med lake og pickelsalting, som fekk høgast utbytte av alle.
Resultata som vart funne på fargedelen var interessante då det ser ut for at fryselagring jamt over er uavhengig av tilsetjingsstoff og at denne produksjonsmåte gjev ein lysare farge på fiskekjøtet både på saltmoden og utvatna produkt. Den beste effekten på farge fekk ein ved bruk av lake og pickelsalting.
Forlag
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2011 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: