Stadkvalitetar som har betydning for innflyttarar til Norddal kommune
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/4764Date
2012-11-29Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Moen, Terese S. JemtegårdAbstract
Oppgåva tek utgangspunkt i Døropnarprosjektet i Norddal 2009-2012 som hadde som mål å auke nettotilflyttinga gjennom tiltak for å få nye innbyggjarar til å bli buande over tid, slik at folketalet kunne stabiliserast og aukast.
8 familiar som framleis bur i kommunen og 2 familiar som har flytta att er intervjua om kva kvalitetar dei opplever som viktige/kritiske og faktorar som er marginale når det gjeld å bu i kommunen.
Studien viser at stadkvalitetar har stor betydning for dei som har vald å busetje seg i bygdene i Norddal og at stadtilknyting har mindre betydning for å bli buande. Stadkvalitetar som er viktige er lokale moglegheiter for arbeid for den eine av dei vaksne i familien, naturen i form av ro og stillheit og moglegheitene den gjev for friluftsliv, at staden vert opplevd som inkluderande og hyggeleg og at ein får handla det ein treng til kvardags. Kvaliteten på det sosiale livet, spesielt det at ungane skal trivast er det mest avgjerande for familiane i forhold til det å bli buande. Dette er viktigare enn andre grunnleggjande faktorar for busetting som tilfredstillande arbeids- og bustadforhold.
Publisher
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2012 The Author(s)
The following license file are associated with this item: