Jettan, Nordnesfjellet, Kåfjord, Troms – indre geometri og struktur, kinematikk og styrande faktorar av eit ustabilt fjellparti, basert på strukturellanalyse, geomorfologi og overvakingsdata
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/5622Date
2013-11-21Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Skrede, IngridAbstract
Det ustabile fjellpartiet, Jettan, har blitt studert med ei multidisiplinær tilnærming. Dette inkluderer strukturelle og geomorfologiske analyser i felt, studiar av sann-tid og periodisk overvaking og bruk av kart og digitale elevasjonsmodellar. Formålet har vore å avdekke indre struktur og geometri, kinematikken og kontrollerande faktorar for dei ustabile massane.
Det ustabile fjellpartiet er avgrensa av ein uregelmessig subvertikal NV-SØ orientert skrent og ei NØ-SV orientert, NV hellande normalforkastning. Innad i området er det fleire sprekkesett med bratt fall som både er planare og listriske, i tillegg til fleire lågvinkla plan. Samstundes kan plan endre seg i djupnaden, mellom anna grunna litologiske kontrastar. Interaksjonen er kompleks og gir opphav til fleire system, truleg med meir enn eitt glideplan, som kan bevege seg individuelt av kvarandre. To felt skil seg ut med mest rørsle der det eine er styrt av listriske plan med utvikla horst-graben struktur, medan det andre har store ekstensjonssprekker og trappetrinnsgeometri. Rørsle skjer langs pre-eksisterande sprekker som har mest gunstig orientering i forhold til fjorden.
Rørsla er på opp til 50 mm/år og skjer som gliding langs plan og storleiksorden gjer at det kan reknast som kryp. I dei fleste områda er retninga mot VNV-NV, men i nordlege delar er det mot VSV-SV. Rørsla har sesongmessige variasjonar styrt av ein kombinasjon av hydrologiske og temperatur-relaterte faktorar.
Eksistensen av dei ustabile fjellpartia skyldast ein kombinasjon av fleire prosessar over lange tidsrom. Den kaledonske fjellkjededanninga kan ha vore gunstig for utvikling av glideplan, og mesozoisk rifting har danna avgrensande sprekker slik at gunstige føresetnader har blitt danna. Istida i kvartær kan ha bidrege til svekking av stabilitet og rørsla har starta etter dette. Initiert er ei følgje av endra stress, minka omslutnadstrykk, eller neotektonikk etter istida.
Rørslehastigheita er tilnærma konstant i dag og utrasing vil truleg skje i form av enkeltblokker eller avgrensa parti. Dermed vil det ikkje skape like store øydeleggingar som tidlegare anteke.
Publisher
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2013 The Author(s)
The following license file are associated with this item: