Lokalpolitikken sin eigendynamikk - Ein studie av Odda kommune og UNESCO-spørsmålet
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/5623Date
2013-11-15Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Bakke, Ingvild AngellAbstract
Denne oppgåva tar utgangspunkt i førestellinga om at rikspolitikken dominerer lokalpolitikken, og at lokalpolitiske saker er underordna nasjonale politiske spørsmål. Like fullt vil eg sjå på korleis ei lokal sak kan påverka lokalpolitikken.Odda Smelteverk var den første store fabrikken som blei etablert i Odda, og med dette grunnlaget for at Odda blei ein eigen kommune. Etter at Odda Smelteverk A/S gjekk konkurs i 2003, har det vert diskusjonar kring kva som skal skje med den store tomta som strekk seg over store deler av sentrum. I 2006 blei det fremma eit forslag om å søka Odda Smelteverk inn på Unesco si verdsarvliste, dette fekk innbyggjarane si, si meining om. Det blei bestemt at ein skulle halda ei folkerøysting, folket røysta nei til Unesco, likevel bestemte kommunen seg for å gå i mot dette resultatet og oppretthaldt Unescosøknaden. Odda har vert nominert til ein plass på Unescolista av Riksantikvaren, for deretter å bli tatt ut av denne lista igjen på grunn av manglande semje i kommunen fleire gonger. Riksantikvaren har nok ein gong tatt Odda ut av denne lista, om Odda skal stå på den tentative lista blir ikkje vurdert på ny før i 2016. Spørsmålet om ein Unescostatus er noko som har påverka kommunen og politikken i stor grad, og det er fortsatt ikkje komen til noko semje i denne saka. Saka har mellom anna ført til ei polarisering i politikken som ikkje følgjer dei vanlege partipolitiske skiljelinjene, og er mest sannsynleg årsaka til kvifor det oppsto eit politisk skifte etter valet i 2011. I denne oppgåva har eg analysert i kva grad og på kva måte avgjerder i lokalpolitikken i Odda kommune har blitt påverka av spørsmålet om ein Unescostatus knytt til det nedlagte Odda Smelteverk. For å svara på dette har eg nytta meg av tre modellar for avgjerder som skal prøva å seia noko om måla og prosessane til dei ulike aktørane som er innblanda i denne saka. Målet her er å visa at lokalpolitikken ikkje nødvendigvis blir dominert av nasjonale politiske spørsmål, men at lokale politiske saker kan vera med på å spela ei stor rolle i den lokalpolitiske utforminga og avgjerder som blir tatt i lokalpolitikken.
Publisher
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2013 The Author(s)
The following license file are associated with this item: