Teamarbeid under kritiske arbeidsoppdrag. Ein casestudie
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/7909Dato
2015-06-01Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Hole, Malin BakkeSammendrag
Denne studien skal undersøke korleis ein kan sikre utføring av kritiske arbeidsoperasjonar, her illustrert gjennom operative redningsteam. Det har vorte hevda at det finnast lite empiri om kva som er avgjerande for at operative team presterar, men at etablert teori om teamarbeid kan brukast for å forklare prestasjon i operative team (Flin, 1996). Samtidig, bèr naturen ved arbeidsoppdraga til operative redningsteam med seg ei sårbarheit av å møte uventa og uførespegla situasjonar, som igjen kan føre til svikt i teamarbeidet (Weick, 1993). Historia fortel oss at når team sviktar under utføring av kritiske arbeidsoppdrag, kan dette medføre katastrofale konsekvensar (Flin et al., 2008). Weick (1993) argumenterer for at slike team må arbeide inn ei evne til å motstå denne sårbarheita, - dei må bygge inn resiliens i organisasjonen. Problemstillinga for studien er difor; Korleis kan resiliens byggast inn i team som utøver kritiske arbeidsoppdrag? Bakgrunnen for oppgåva var òg ei oppfatning av at det er overlapp i terminologi kring resiliens og teamarbeid. Denne studien kan difor seiast å ha to føremål; å bidra med empiri om prestasjon i operative redningsteam, samt undersøke kor vidt teamarbeid kan bidra til å bygge resiliens i team som utøver kritiske arbeidsoperasjonar.
For å svare på problemstillinga vart det gjennomført ein kvalitativ case-studie av ein operativ redningsaktør som opererer på havet. Det vart utført deltakande observasjon av ein kritisk arbeidsoperasjon, dokumentanalyse av det formelle rammeverket for arbeidsoperasjonane i denne organisasjonen, samt tematiserte intervju av landbasert tilsette. Hovudempirien for denne studien baserar seg derimot på semi-strukturerte intervju av tre besetningar, der kvar besetning består av ein kaptein, ein styrmann og ein maskinist. Funn frå denne studien viser at etablerte teoriar om prestasjon i team, òg går att som avgjerande for at denne operative redningsaktøren skal prestere. Dette underbygger argumentet om at teamteori kan forklare prestasjon i operative team. I den utvalte casen er det ideelt at teamet har gode rutinar for kommunikasjon, kjenner arbeidet godt, samt kjenner dei øvrige teammedlemmane. Vidare finn ein at nøkkeldimensjonar ved etablert teamteori går att i karakteristikkar for resiliente organisasjonar, og at ein difor kan nytte teamarbeid for å oppnå desse karakteristikkane, så vel som å sikre effektiv utføring av kritiske arbeidsoppdrag.
Forlag
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2015 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: