Variasjonar i kompetanse hos ingeniørar med og utan fagbrev. Ei kvalitativ studie om leiarar si vurdering og handtering av kompetansemessige variasjonar for ingeniørar i tre kraftnettverksemder
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/9105Date
2015-11-15Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Fauskanger, Kjell MagneAbstract
Tema for oppgåva er kompetansemessige variasjonar for ingeniørar i kraftbransjen som representerer to ulike formelle utdanningsløp; ingeniørar med fagbrev og ingeniørar utan fagbrev. Oppgåva si føremål var å undersøkje leiarar si vurdering av variasjonane for desse to gruppene og korleis variasjonane vart handtert. Problemstillinga for oppgåva har vore:
Korleis vurderer og handterer leiarar variasjonar i kompetansen knyta til to ulike formelle utdanningsløp for ingeniørar som arbeider i tre kraftnettverksemder, og kva for verknad har dette i det daglege arbeid? Kva bakanfor forhold ligg til grunn for variasjonen i kompetansen?
Det teoretiske rammeverket er i hovudsak bygd opp rundt bidrag frå Lai (2013) og Nordhaug (2004), og er i korte trekk sentrert rundt kompetanseomgrepet, kompetansekomponentar (kunnskapar, ferdigheiter, evner og haldningar), kompetanseformer, læring og felleskompetanse. Oppgåva omhandlar også faktorar i samband med kompetansestyring som angår rekruttering, mobilisering og utvikling av kompetanse.
Den metodiske tilnærminga som er nytta er kvalitative dybdeintervju av seks avdelingsleiarar og ni ingeniørar i tilhøyrande avdelingar, i tre kraftnettverksemder. Dette dannar det empiriske materialet som blir vidare analysert og diskutert opp imot det teoretiske rammeverket.
Hovudfunna viser at ingeniørar med fagbrev stiller sterkare når det gjeld kunnskap som angår praktisk orientert teori og kunnskap om årsakssamanhengar. Vidare viser det empiriske materiale at dei også stiller sterkare når det gjeld ferdigheiter til å løyse praktiske problemstillingar. Datamaterialet peikar på at ingeniørane med fagbrev synst å vere noko favorisert av leiarane. I kontrast til dette hevdar majoriteten av leiarane likevel at det er behov for begge ingeniørgrupper i avdelingane, og at i ein rekrutteringsprosess er ein på jakt etter ingeniørar frå begge utdanningsløp. Dei fleste leiarane seier at dei gjev same grad av tillit til dei to ingeniørgruppene. Det hevdast også at gjeldande organisering, med begge grupper arbeidande i same avdeling, er mest formålstenleg med tanke på utvikling og mobilisering av kompetanse.
Studia er relativt liten, og datamaterialet har ikkje nok tyngde til å konkludere – men den kan danne grunnlag for vidare og meir omfattande forsking innanfor området.
Publisher
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2015 The Author(s)
The following license file are associated with this item: