Formidling av hjelpemiddel i kommunen. Korleis resonnerer ergoterapeuten i kartleggingssituasjonen?
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/911Dato
2007-03-30Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Gramstad, AstridSammendrag
Formidling av tekniske hjelpemiddel er ei stor og viktig arbeidsoppgåve for ergoterapeutar som arbeider i kommunehelsetenesta, men til trass for dette er temaet etter måten lite diskutert i ergoterapifagkrinsar. Forsking på temaet har retta seg mot brukaren si oppleving av å ha og å få eit tekniske hjelpemiddel og utfordringar som fagutøvarane møter ved formidling av tekniske hjelpemidel. Ut i frå denne forskinga vert ergoterapeutar sitt arbeid med hjelpemiddelformidling kritisert for å vere tilfeldig og prega av for lite brukarmedverknad. Denne kritikken vert supplert med røyster innan fagmiljøet som tek til orde for å i større grad implementere evidensbasert praksis.
Korleis hjelpemiddelformidling ved kommuneergoterapeut går føre seg i praksis, har ikkje vore fokus for forskinga. Dette til trass for at forskinga som er gjort strekar under at møtet med brukaren og måten hjelpemiddelet vert formidla på, er avgjerande for om formidlinga vert vellukka. Utgangspunktet i dette prosjektet er å rette merksemd mot dei kunnskapane og dugleikane som kommuneergoterapeutane nyttar seg av i det konkrete kartleggingsmøtet med brukaren ved formidling av hjelpemiddel. For å kunne gjere dette, er det naudsynt å ta utgangspunkt i eit anna syn på kunnskap enn det tradisjonelt vestlege vitskapsidealet. I denne oppgåva er det nytta teori om klinisk resonnering og praksiskunnskap som teoretisk perspektiv.
For å finne ut kva kunnskapar kommuneergoterapeutane nyttar seg av når dei skal formidle hjelpemiddel, har eg gjennomført ei kvalitativ undersøking med observasjonar av tre kartleggingssituasjonar og etterfølgjande intervju av kommuneergoterapeutane. Ut i frå dette materialet viser det seg at ergoterapeutane rettar seg mot å forstå brukaren sin situasjon, der situasjonsomgrepet er overskridande i høve til fokuset på sjukdom, funksjon og brukaren sine næraste omgjevnadar. Samhandlinga med brukaren vert nytta medvitent for å bygge opp tillit og tryggleik for å leggje til rette for at han skal kunne kome fram med si problemstilling.
Forlag
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2007 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: