dc.contributor.advisor | Olufsen, Magne | |
dc.contributor.advisor | Ødegaard, Marianne | |
dc.contributor.author | Sæleset, Johannes | |
dc.date.accessioned | 2016-08-24T13:40:19Z | |
dc.date.available | 2016-08-24T13:40:19Z | |
dc.date.issued | 2016-05-18 | |
dc.description.abstract | Denne studien ser på korleis tre undervisingsmetodar i kombinasjon betra argumentasjonsferdigheita til elevar i ein klasse på 9./10. trinn. Undervisingsmetodane som studien fokuserar på er grubleteikningar, rollespel og studentresponssystem. Studien er kvalitativ og det mest sentrale datamaterialet er lydopptak frå gruppediskusjonar med åtte elevar før og etter to undervisingsperiodar i klassen. Undervisinga tok opp emne i naturfag ved hjelp av dei nemnde metodane. Argumentasjonsferdigheita til elevane er analysert ut frå strukturen og innhaldet i før- og etterdiskusjonen. Den strukturelle analysen tek i bruk Stephen Toulmin sin modell for bestanddelane i argumentasjon. Der vert argument samansett av fleire ulike bestanddelar sett på som kvalitetsargument. Når det gjeld innhaldet vert variert, relevant og korrekt fagspråk sett på som kvalitetsteikn på innhaldet i argumentasjonen. Som bakteppe for studien er også Deanna Kuhn si bok om argumentasjon viktig, samt ei rekkje internasjonale studiar av argumentasjon i skulen frå dei siste 20 åra. Resultata viser at elevane på enkelte område la for dagen ein framgang i argumentasjonsferdigheit frå før til etter undervisingsopplegga. På andre område er det mindre framgang å spora. Dette gjeld ikkje minst oppgåver der elevane ikkje fekk undervising i det aktuelle temaet. Hovudfunna peikar mellom anna på at framgang i argumentasjonsferdigheit krev inngåande læringsarbeid over lang tid med god variasjon i undervisingsmetodar. | en_US |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10037/9530 | |
dc.identifier.urn | URN:NBN:no-uit_munin_9088 | |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | UiT Norges arktiske universitet | en_US |
dc.publisher | UiT The Arctic University of Norway | en_US |
dc.rights.accessRights | openAccess | |
dc.rights.holder | Copyright 2016 The Author(s) | |
dc.rights.uri | https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0 | en_US |
dc.rights | Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0) | en_US |
dc.subject.courseID | LRU-3908 | |
dc.subject | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Fagdidaktikk: 283 | en_US |
dc.subject | VDP::Social science: 200::Education: 280::Subject didactics: 283 | en_US |
dc.subject | Argumentasjon | en_US |
dc.subject | Stephen Toulmin | en_US |
dc.subject | Argumentasjonsferdighet | en_US |
dc.subject | Grubletegninger | en_US |
dc.subject | Studentresponssystem | en_US |
dc.subject | Rollespill | en_US |
dc.subject | Høyere ordens tenkning | en_US |
dc.subject | Naturfag | en_US |
dc.subject | Toulmin argument pattern | en_US |
dc.subject | Diskusjon | en_US |
dc.title | Argumentasjonsferdigheit i naturfag. Samspel mellom naturfagleg kunnskap og undervisingsmetodar som fremjar argumentasjonsferdigheit . | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.type | Mastergradsoppgave | en_US |