Klimatilpassing i norske kommunar - Ei kvalitativ studie av to ulike kommunar i Noreg, og deira arbeid og utfordringar med klimatilpassing
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/26539Date
2022-05-31Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Anderdal, MathildeAbstract
Klimatilpassing har blitt eit viktig tema innan offentleg forvaltning. På grunn av klimaendringane kan ein forvente auke i alvorlege naturhendingar. Dermed vil eit klima som blir villare og våtare i tida framover ha store konsekvensar for norske kommunar. Det er fleire som meiner at samfunnet bør planleggje for eit endra klima i framtida, og at dette bør bli implementert på alle nivå innanfor offentleg forvaltning.
Formålet med oppgåva er å sjå på korleis klimatilpassingstiltak blir implementert på kommunalt nivå i Noreg, og kva som er utfordringa med dette. I denne oppgåva har eg studert korleis Voss herad og Stavanger kommune arbeider med klimatilpassing i deira kommunar, og kva slags utfordringar dei har med dette. For å kunne svare på problemstillinga «Korleis blir klimatilpassingstiltak implementert på kommunalt nivå i Noreg, og kva er hovudutfordringane med dette?», har eg gjennomført ei kvalitativ dokumentanalyse og intervjua informantar frå dei to kommunane. Eg har brukt ulike dokument og rapportar som er utarbeida av Voss herad og Stavanger kommune som presenterer korleis kommunane arbeider med klimatilpassing. For å studere korleis desse to kommunane arbeider med klimatilpassing, har eg brukt eit teoretisk rammeverk som går ut på klimatilpassing og dermed klimatilpassing på kommunalt nivå. Vidare har eg brukt teori som resiliens og «community resilience».
Funna mine viser at når det kjem til implementering av klimatilpassingstiltak har begge kommunane eit stort fokus på klimatilpassing i sitt kommunale arbeid. Både Voss herad og Stavanger kommune har utført viktige tiltak for å førebyggje risiko og sårbarheit i sine område, i tillegg til å ha planar for langsiktige tiltak som er viktige for tida framover. Til slutt viser funna at kommunane, uansett kva slags utgangspunkt dei har, planleggjar for eit endra klima i framtida og forventa hendingar knytt til endra naturfarar.
Når det kjem til kva som er hovudbarrierane med implementering av klimatilpassingstiltak er det fleire ulike barrierar. Det er tydelege forskjellar på Voss herad og Stavanger kommune. Når det kjem til Voss herad er deira hovudbarrierar behovet for meir data, mangel på ressursar og politiske konfliktar, men når det kjem til Stavanger kommune handlar det meir om ueinigheit angåande framgangsmåte og utføring av tiltak.
Publisher
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2022 The Author(s)
The following license file are associated with this item: