Trondenes kannikgjeld - makt og rikdom gjennom seinmellomalder og reformasjon
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/6176Dato
2014-05-13Type
Doctoral thesisDoktorgradsavhandling
Forfatter
Berg, Sigrun HøgetveitSammendrag
Trondenes kannikgjeld hadde gjennom seinmellomalderen utvikla seg til å bli Noregs rikaste prestegjeld før reformasjonen i 1536–37. Det hadde vore ein sentral ressursleverandør, både i form av økonomisk kapital og menneskelege ressursar, inn til erkebispesetet, og var ei av hjørnesteinsbedriftene i erkebiskopen sitt mektige rike. Gjennom reformasjonshundreåret, derimot, var Trondenes på veg til å bli ein utkant i den dansk-norske staten. Reformasjonen er avgjerande for denne utviklinga, men korleis, og kva var innhaldet i reformasjonen i Trondenes?
Avhandlinga drøftar Trondenes kannikgjeld si rolle i den hierarkiske kyrkjeorganisasjonen og i den geografiske regionen kannikgjeldet var ein del av, frå 1350 til 1620. I analysen ser eg på Trondenes som eit sosialt felt der kyrkjeorganisasjonen og regionen møtest, og korleis aktørane i dette feltet søkte makt ved å kjempe om tilgangen på og kontrollere bruken av dei ressursane som vart skapte i feltet.
Denne avhandlinga har såleis to siktemål: Ho følgjer Trondenes kannikgjeld gjennom etablering, utbygging, konsolidering og omstrukturering gjennom seinmellomalderen og i reformasjonshundreåret. Og på bakgrunn av dette svarar ho på spørsmålet om kva reformasjonen var i Trondenes.
Forlag
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2014 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: