Digitale seriar, sosiale rammer : ei studie av digitale teikneseriar frå eit brukarperspektiv

DSpace/Manakin Repository

Digitale seriar, sosiale rammer : ei studie av digitale teikneseriar frå eit brukarperspektiv

 

Tweet Share on Facebook
Title: Digitale seriar, sosiale rammer : ei studie av digitale teikneseriar frå eit brukarperspektiv
Author: Solstrand, Olaf Moriarty
Date: 15-May-2009
Type: Master thesis; Mastergradsoppgave
Abstract: I denne avhandlinga har eg, ved hjelp av dokumentasjonsvitskapleg teori og metode, studert korleis digitale teikneseriar blir brukt i dag som sosiale og økonomiske dokument i utvikling, og kvifor dei blir brukt på denne måten. Eg argumenterer for at tidlegare teori om digitale teikneseriar har fokusert veldig mykje på teknologiske aspekt, og ser difor her på sosiale aspekt – korleis brukarane opplever mediet. I tillegg til bruk av eksisterande teori på feltet og observasjon av populære internetteikneseriar, er teksten basert på ei spørjeundersøking gjennomført blant norske internetteikneserielesarar i februar 2009. Teksten tar i hovudsak for seg tre aspekt av digitale teikneseriar: Kva slags seriar som er populære og kva som gjer desse populære, kva økonomiske løysingar som kan brukast for digitale teikneseriar, og haldningar til skjermbaserte teikneseriar – teikneseriar som er laga for skjerm og ikkje kan lesast på papir. Undersøkinga viser at brukaranes og serieskaparanes haldningar til digitale teikneseriar ikkje samsvarer med dei mange teoretikarar på feltet skisserer: Den store nyskapinga som skiljar digitale teikneseriar frå trykte teikneseriar er ikkje moglegheita til å lage store, skjermbaserte verk, men at alle har moglegheit til å lage, publisere og distribuere sine eigne teikneseriar utan at ein redaktør står mellom dei og lesarane. Dei mest populære teikneseriane er korte, gratis humorstriper, og mange av desse bruker ein humorstil som er så spesifikk at den berre fungerer på Internett. Digitale teikneseriar er ikkje lenger eit spekulativt framtidsmedium – det er ei høgst levande dokumentasjonsform som i si levetid har fått etablerte paradigme for kva brukarane ønskjer.
Publisher: Universitetet i Tromsø; University of Tromsø
URI: http://hdl.handle.net/10037/2029


File(s) in this item

Files Size Format View
thesis.pdf 3.977Mb PDF View/Open

The following license file are associated with this item:

This item appears in the following collection(s)

Show full item record

Search Munin




Advanced Search

Browse

Statistics

Help