dc.contributor.advisor | Skille, Eivind | |
dc.contributor.author | Kannelønning, Tore | |
dc.date.accessioned | 2021-08-20T07:48:46Z | |
dc.date.available | 2021-08-20T07:48:46Z | |
dc.date.issued | 2021-05-14 | |
dc.description.abstract | I denne masteroppgåva har eg sitt på kva delar av miljøet rundt den norske toppfotballspelaren som har vore viktig for å ha nådd norsk toppfotball for menn og kvinner. Eg har brukt ein holistisk økologisk tilnærming. Ei slik tilnærming gjer at det er mogleg å sjå etter og finne komponentar som enten påverkar toppfotballspelaren eller miljømessige suksessfaktorar. Talentutviklingsmiljø-modellen og Miljøsuksess-modellen til Kristoffer Henriksen (2010), vart nytta som teorigrunnlag. Tidlegare forsking har vist at det ikkje går an å spå kven som lukkast basert på talent, men at det er meir enn bare talentet som tilseier dette (Carlson, 1988). I masteroppgåva har eg gjennomført ein kvalitativ studie med åtte semi-strukturerte intervju med fire menn og fire kvinner, som til dagleg spelar i ein klubb frå Eliteserien og Toppserien. Klubbane var ulike. Intervjua vart analysert ved hjelp av Aksel Tjora (2021) sin stegvis-deduktiv induktiv metode. Eg fann ut at følgande komponentar i miljøet hadde vore viktige i fotballkarrieren for fleire av toppfotballspelarane: Familie, skule: Vidaregåande skule, klubb, lag, lagkameratar/venner, trenar, organisasjon: Norges Fotballforbund og føresetnadar i klubb i form av ressursar. Det var heller ingen klare skilnadar mellom menn og kvinner. Sjølv om dette var viktige komponentar i miljøet for å nå toppfotballen, så viser studien min også at ikkje alle hadde gått den same vegen for å bli ein norsk toppfotballspelar. På bakgrunn av dette kjem det fram at ikkje alle disse komponentane er like viktig for den enkelte toppfotballspelaren. Det var altså fleire måtar og vegar å gå for og lykkast til og bli ein norsk toppfotballspelar. | en_US |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10037/22174 | |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | UiT The Arctic University of Norway | en_US |
dc.publisher | UiT Norges arktiske universitet | en_US |
dc.rights.accessRights | openAccess | en_US |
dc.rights.holder | Copyright 2021 The Author(s) | |
dc.rights.uri | https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/4.0 | en_US |
dc.rights | Attribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International (CC BY-NC-SA 4.0) | en_US |
dc.subject.courseID | IDR-3901 | |
dc.subject | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Samfunnsvitenskapelige idrettsfag: 330::Andre idrettsfag: 339 | en_US |
dc.subject | VDP::Social science: 200::Social science in sports: 330::Other subjects within physical education: 339 | en_US |
dc.title | Vegen til toppfotballen. Ein studie av spelarutvikling på norske toppfotballspelarar | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.type | Mastergradsoppgave | en_US |