Forsøk med trål og ekkolodd i Mjøsa, 2012
Sammendrag
Trål har i liten grad vore brukt ved undersøkingar av fiskesamfunn i norske innsjøar. Gjennom  innføringa av Vanndirektivet har Norge forplikta seg til meir regulær oppfølging av den økologiske  tilstanden i større vassførekomstar. Tettleik, rekruttering, artsfordeling og vekst hjå fisk er  alle parametrar der ein kan forvente relativt rask respons på miljøendringar. Det er derfor viktig  å ha datainnsamling med verktøy som gjev eit mest mogeleg representativt bilete av fiskebestandane.  Ekkolodd er det viktigaste instrumentet for fiskemengdemåling i dag. Samanlikna  med prøvefiskegarn som berre gir relative tettleiksmål som fangst per innsats, gir ekkoloddet  kvantitative mål på fiskemengde per overflateareal og vassvolum. Men ekkoloddet gir ikkje direkte  informasjon om art, og data frå ekkoloddkøyringar må derfor alltid supplerast med data  frå ein eller fleire fangstmetodar. I denne samanheng er trål ein viktig reiskap. Tråling gjev  både biologisk materiale og kvantitativ informasjon om fisketettleik, samt at den kan fange godt  på liten fisk som er vanskeleg å fange med garn. Målet med denne undersøkinga var å skaffe  erfaring med tråling med ein ny og lett trål tilpassa ferskvassbruk. Samtidig ville me gjere undersøkingar  med garnfangsting med multigarn, og bruk av fleire ekkolodd og frekvensar for å  vurdere samsvaret dei imellom.  Undersøkinga blei gjennomført i Mjøsa, sør for Mjøsbrua 11.-14. september 2012. Det vart  køyrt trål og ekkolodd (70 og 200 kHz) i tre netter og fiska med garn i to netter. Trål og flytegarnfisket  blei gjennomført i djupneintervalla 0-6 m og 15-22 m. Samla var fangstane 805 fisk i  trålen, 305 fisk i flytegarna, og 413 fisk i botngarn. Drøftinga av resultata fokuserer på den pelagiske  fisken. Trålfangsten og garnfangsten utfyller kvarandre. Trålen fanga godt på 0+ krøkle,  som ikkje vart fanga på garn. Samstundes fanga trålen lite fisk >15 cm, storleikar som utgjorde  ein stor del av garnfangsten. Med berre ein av metodane (trål eller garn) ville me fått eit mykje  dårlegare bilete av fiskesamfunnet. Fangstane i pelagialen var dominerte av krøkle. Grovt estimerte  tettleikar ut frå trålfangstane var i same storleiksorden som akustisk estimerte tettleikar.  Både i fangstar og med ekkolodd observerte me ein storleiksstrukturert fiskebestand. I storleiksfordelinga  frå fangstane observerte me ein topp kring 30-35 cm beståande av sik, ein kring  19-23 cm beståande av lagesild og stor krøkle, ein topp kring 12 cm (krøkle), samt ein topp  kring 5 cm (0+ krøkle). Tilsvarande var det fire toppar i ekkostyrkefordelinga, men ingen av dei  vanleg brukte regresjonane mellom lengde og ekkostyrke gav god tilpassing mellom fiskelengde  og ekkostyrke for alle toppane. Me observerte tydelege habitatskilnader mellom ulike artar  og storleiksgrupper både i fangstar og med ekkolodd, ein klar indikasjon på at observasjonar  med ekkoloddet kan brukast til å indikere ulik habitatfordeling mellom ulike storleiksgrupper og  artar i fiskesamfunnet. Me fann vidare godt samsvar mellom resultata frå dei ulike ekkolodda  (to 70 kHz og eit 200 kHz). Som forventa kunne 200 kHz også brukast til å skilje Mysis frå fisk.
Forlag
Norsk institutt for naturforskning TromsøSerie
NINA rapport 927Metadata
Vis full innførselSamlinger
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen:


 English
English norsk
norsk