dc.contributor.advisor | Ekeli, Britt-Vigdis | |
dc.contributor.author | Teigen, Ingvild | |
dc.date.accessioned | 2018-01-23T10:56:45Z | |
dc.date.available | 2018-01-23T10:56:45Z | |
dc.date.issued | 2016-05-11 | |
dc.description.abstract | Bakgrunn: Med utgangspunkt i erfaringar frå klinisk praksis som psykomotorisk fysioterapeut har eg byrja å stilla spørsmål ved det tradisjonelle biomedisinske kunnskap- og vitskapsidealet. Norsk Psykomotorisk Fysioterapi (NPMF) har fått kritikk for å vera utilstrekkeleg vitskapeleg dokumentert, noko ein kan sjå i lys av nemnde ideal med randomiserte kontrollerte studier (RCT) som gullstandard. Som kontrast til dette idealet ser eg konturane av ei fagutøving som er tufta på eit anna kunnskapssyn, og som utfordrar det gjeldande paradigme.
Føremål: Oppgåva har to føremål: 1. Løfta fram den kunnskapsstrukturen som ligg i faget – eksemplifisert gjennom fagutøvinga til grunnleggjaren, Aadel Bülow-Hansen. 2. Utifrå dei funna undersøka om det er meiningsfullt å snakka om Norsk Psykomotorisk Fysioterapi som kunnskapsbasert praksis.
Materiale og metode: Ein kvalitativ studie i eit hermeneutisk-fenomenologisk forskingsperspektiv. Materialet er utvikla på bakgrunn av intervju med tre profilerte og namngjevne fagutøvarar i den psykomotoriske tradisjonen, som var elevar og/eller gjekk i eigenbehandling hjå Aadel Bülow-Hansen (ABH). Utgangspunkt for alle intervjua var same film-opptak frå 1983 kvar ABH undersøker ein pasient med nakke- og skuldermyalgi i klinikken.
Kunnskapsbidrag: Det var fire hovudtema som merka seg ut i alle intervjua. Desse blir forstått som kunnskapsgrunnlaget i Aadel Bülow-Hansen si fagutøving: Tileigning av faget gjennom kroppsleg handlingskunnskap og eigenbehandling, Ein relasjonell samhandling som tek pasient og kontekst på alvor, Bruk av kroppsleg klinisk kompetanse i møte med pasienten og Grunnlagstenking. Sett i lys av fenomenologiske og hermeneutiske kunnskapsperspektiv er det grunnlag for å kalle Norsk Psykomotorisk Fysioterapi kunnskapsbasert praksis. På bakgrunn av det utfordrar eg den forståinga som det evidensbaserte systemet legg til grunn, og kunnskapsomgrepet blir opna for debatt.
Nøkkelord: Aadel Bülow-Hansen, Norsk Psykomotorisk Fysioterapi, praktisk kunnskap, handverk, relasjonell praksis, grunnlagstenking, kunnskapsbasert praksis | en_US |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10037/12016 | |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | UiT Norges arktiske universitet | en_US |
dc.publisher | UiT The Arctic University of Norway | en_US |
dc.rights.accessRights | openAccess | en_US |
dc.rights.holder | Copyright 2016 The Author(s) | |
dc.rights.uri | https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0 | en_US |
dc.rights | Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0) | en_US |
dc.subject.courseID | HEL-3901 | |
dc.subject | VDP::Medisinske Fag: 700::Helsefag: 800::Fysioterapi: 807 | en_US |
dc.subject | VDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Physiotherapy: 807 | en_US |
dc.title | "Bruk intuisjonen og fantasien". Ein kunnskapsteoretisk analyse av Aadel Bülow-Hansen si fagutøving og Norsk Psykomotorisk Fysioterapi | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.type | Mastergradsoppgave | en_US |