Show simple item record

dc.contributor.advisorNormann, Britt
dc.contributor.authorVattøy, Eline Gurskevik
dc.date.accessioned2018-05-22T10:10:00Z
dc.date.available2018-05-22T10:10:00Z
dc.date.issued2016-05-11
dc.description.abstractBakgrunn: Det er mangelfull kunnskap om fysioterapi til personar med Akutt Inflammatorisk Demyeliniserande Polynevropati (AIDP), særleg når det gjeld val og vurderingar knytt til å bevare og bygge funksjon i tidleg fase av sjukdommen. Hensikta med studien er å dokumentere og analysere fysioterapeutar sine erfaringar og refleksjonar knytt til undersøking og behandling av personar med AIDP, for å utvikle kunnskapsbasen på feltet. Metode: Eit strategisk utval med fire fysioterapeutar som jobbar på akutte nevrologiske avdelingar er valt, og det er gjennomført kvalitative forskingsintervju. Temabasert analyse i tråd med systematisk tekstkondensering er utført. Teori som belyser konsekvensar av AIDP sett i naturvitskapleg og kroppsfenomenologisk perspektiv, praksiskompleksitet, relasjonsetikk og klinisk resonnering utgjer den teoretiske referanseramma. Resultat: Innsiktene kom fram gjennom tre hovudkategoriar: ”Å sjå pasienten: Nærleik – avstand og felles prosjekt”, ”Å fylgje nedturen: kontinuerleg vurdering” og ”Oppbygging: steg for steg”. Desse kategoriane leia fram til ein overordna kategori; ”Spenningsfeltet profesjonell usikkerheit – sikkerheit”. Det relasjonelle i fysioterapi står fram som overordna og avgjerande i undersøking og behandling av pasientane. Å bygge eit nært forhold til pasienten samstundes med ei profesjonell distanse, står fram som eit hovudpoeng. Her integrerast etiske vurderingar og å sjå pasienten som person, for å skape grobotn for å lage eit felles prosjekt. Ulike integrerte resonneringsstrategiar informert av kunnskap om kropp, sjukdom og bevegelsesanalyse står fram som sentralt for å utvikle kunnskap i situasjonane saman med pasienten, for å treffe individuelle tiltak. Den kliniske resonneringa går føre seg gjennom verbal og kroppsleg dialog mellom terapeut og pasient. Kliniske ferdigheiter, mellom anna i form av handteringsteknikkar, i tillegg til det relasjonelle og etiske, synast å vere essensielt for kunnskapsutviklinga. Dette betyr at det som skapast gjennom samhandling i situasjonen vert avgjerande for kva slags tiltak som er adekvate, for å bevare og bygge opp mest mogleg funksjon. Konklusjon: I resultata trer det fram eit dynamisk spenningsfelt som handlar om å utvikle profesjonell sikkerheit i ein usikker situasjon. Dette fordrar sensitivitet overfor pasientane i den aktuelle konteksten for å få tilgang til den kroppslege og verbale informasjonen og kunnskapen som utspelar seg i situasjonen. Denne studien er ikkje utfyllande, og det er behov for ytterlegare forsking på feltet. Nøkkelord: fysioterapi, AIDP i tidleg fase, praksiskompleksitet, relasjonsetikk, klinisk resonneringen_US
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/12742
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUiT Norges arktiske universiteten_US
dc.publisherUiT The Arctic University of Norwayen_US
dc.rights.accessRightsopenAccessen_US
dc.rights.holderCopyright 2016 The Author(s)
dc.subject.courseIDHEL-3990
dc.subjectVDP::Medisinske Fag: 700::Helsefag: 800::Fysioterapi: 807en_US
dc.subjectVDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Physiotherapy: 807en_US
dc.title”Fysioterapeuten si oppgåve er ikkje bestandig.. kom igjen her skal vi trene” - fysioterapeutars erfaringar med behandling av personar med Akutt Inflammatorisk Demyeliniserande Polynevropati i tidleg faseen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.typeMastergradsoppgaveen_US


File(s) in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following collection(s)

Show simple item record