dc.description.abstract | Dette hovudfagarbeidet handlar om skjerming, eit miljøterapeutisk tiltak innan psykiatrisk behandling, som er svært inngripande i pasientane sitt tilvære og som oftast vert gjennomført ved bruk av tvang. Skjerming er eit svært utfordande tiltak å gjennomføre for pleiarane, og set krav til kunnskap og erfaring på dette området. Eg har ut frå problemstillinga: ”Kva kan vere best muleg skjerming for personar i psykotisk krise?” gjort opne intervju med fire erfarne pleiarar om deira erfaringar med skjermingsarbeid. Forskingsmetoden er fenomenologisk hermeneutisk.
På bakgrunn av det informantane mine fortalte meg, har eg valt delar av Kari Martinsen sin omsorgsfilosofi som hovudteori, for å tolke og få ei djupare forståing av det dei fortalte. Martinsen sin vare og nære måte å beskrive omsorgsrelasjonar og omsorgsmoral på, gav meg eit godt grunnlag for å kunne reflektere over det som vart fortalt. Eg har også brukt delar av Hans Skjervheim og andre forfattarar sine arbeid, i tillegg til aktuell forsking, for å forstå, løfte fram og drøfte empirien. Målet med oppgåva var å finne og løfte fram kunnskap om skjermingsarbeid. Ønske mitt er å formidle vidare noko av denne kunnskapen og å bidra til auka refleksjon i praksis.
Eg bad informantane mine om å fortelje om skjermingssituasjonar som hadde gjort inntrykk på dei. Dermed fekk eg presentert tankar, opplevingar og erfaringar knytt til både gode og dårlegare skjermingssituasjonar. Når informantane også løfta fram dei dårlege skjermingssituasjonane, fortalte dei indirekte om korleis skjerming burde vere. Situasjonsforståing og bevisstheit omkring det tvitydige i skjermingsarbeid og det problematiske med omsorg gitt under tvang, har vakse fram som sentrale tema i oppgåva og er vesentleg for å få til best muleg skjerming. | en |