Show simple item record

dc.contributor.advisorGilbert, Mads
dc.contributor.authorOksavik, Erlend
dc.date.accessioned2018-09-10T10:50:36Z
dc.date.available2018-09-10T10:50:36Z
dc.date.issued2017-09-08
dc.description.abstractBakgrunn: «HLR-minus» er ein medisinsk term som omfattar å ikkje starte gjenoppliving (HLR, hjarte-lungeredning) ved livlausheit. Hjå pasientar som på førehand sjølve har bestemt det, eller der gjenoppliving vert vurdert som fånyttes og eventuelt vil forlenge ein plagsam dødsprosess, kan behandlingsansvarleg lege fastsetje «HLR-minus»-status. Det er få studiar både på norsk praksis og helse-personell sine haldningar til «HLR-minus»-omgrepet, men litteraturen tydar på at Noreg har ein restriktiv bruk av dette samanlikna med andre vestlege land. Material og metode: Studien er kvantitativ, basert på ei spørjeskjemabasert tverrsnittsundersøking blant eit utval helsepersonell og helsefagstudentar tilknytt UNN (Universitetssjukehuset i Nord-Noreg) og UiT (Universitetet i Tromsø, Noregs arktiske universitet). Spørjeundersøkinga vart gjennomført våren 2016. Statistiske utrekningar baserar seg på Chi-kvadrat T-test. Resultat: Svarprosenten var 21 % (N = 265/1513). Av dei som hadde ei meining, svara 82 % (N = 177/215) at «HLR-minus» vert diskutert med for få pasientar, og hjå tilsette ved akuttavdelingar svara 91 % (N = 85/93) det same. Ein dryg fjerdedel av personell med pasientansvar oppgav ikkje å dokumentere «HLR-minus»-status i pasient-journalen (N = 60/221, 27 %). Ein tredjedel (N = 79/216, 37 %) svara at det ikkje i tilstrekkeleg grad er rutinar for å informere tilsette om kva for pasientar som har «HLR-minus»-status, og 42 % (N = 77/182) svara det tilsvarande om rutinar for informasjon til pårørande. Ein stor del av helsepersonell opplev ei plikt til å starte HLR på pasientar som får hjartestans der det ikkje på førehand er fatta eit «HLR-minus»-vedtak. Samla svara 90 % (N = 239/265) at dei i stor grad er opne for sjølve å få status som «HLR-minus», om dei som gamle vert alvorleg sjuke og innlagt på sjukehus. Fortolking: Dagens praksis kring bruk av «HLR-minus» er ikkje tilfredsstillande kva angår frekvens i vurderingar, dokumentasjon og informasjonsflyt. Når vurderingar vert gjort, er dei tilsynelatande basert på dei faktorar som er anbefalt i retningslinjer. Helsepersonell ynskjer noko anna for seg sjølve, enn det dei tilbyr pasientane sine.en_US
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/13738
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUiT Norges arktiske universiteten_US
dc.publisherUiT The Arctic University of Norwayen_US
dc.rights.accessRightsopenAccessen_US
dc.rights.holderCopyright 2017 The Author(s)
dc.subject.courseIDMED-3950
dc.subjectVDP::Medisinske Fag: 700::Helsefag: 800::Medisinsk/odontologisk etikk, atferdsfag, historie: 805en_US
dc.subjectVDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Medical/dental ethics, behavioural sciences, history: 805en_US
dc.subjectVDP::Medisinske Fag: 700::Helsefag: 800::Andre helsefag: 829en_US
dc.subjectVDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Other health science disciplines: 829en_US
dc.title«HLR-minus»-omgrepet som klinisk praksis og etisk problem i eit akuttmedisinsk system.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.typeMastergradsoppgaveen_US


File(s) in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following collection(s)

Show simple item record