Effektar av oksygenovermetting og total gassovermetting på vekst, helse og mottakelegheit for klassisk vibriose hjå juvenil torsk (Gadus morhua).
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/1807Dato
2007-04-12Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Lysne, HegeSammendrag
Fisk som oppheld seg i gassovermetta vatn kan utvikla gassblæresykje. I landbasert oppdrett er problemet ofte overmetting av nitrogen. Ved bruk av oksygeneringsanlegg der oksygengassen ikkje erstattar nitrogen, kan hyperbarisk oksygenovermetting oppstå. Det vil seia at både oksygenmettinga og den totale gassmettinga i vatnet overstig 100 %. I slike tilfelle kan oksygengassen forårsaka gassblæresykje.
Andre skadelege effektar høge oksygenverdiar kan ha på fisk er forstyrringar i den fysiologiske syre/basebalansen og auka danning av reaktive oksygenforbindelsar. Dette kan oppstå uavhengig av det totale gasstrykket i vatnet.
I dette forsøket vart torsk i setjefiskstørrelse (39 gram ved forsøksstart) utsett for tre ulike nivå av hyperbarisk oksygenovermetting: 173 % O2 / 115 % totalmetting, 145 % O2 / 109 % totalmetting og 118 % O2 / 105 % totalmetting. Som kontroll vart ei gruppe utsett for ikkje-oksygenert vatn, med om lag 76 % O2 og 97 % totalmetting. Varigheita av eksponeringa var seks veker. Oksygennivået vart overvaka av eit automatisk måleanlegg og loggført tre gonger per døgn. Temperatur vart målt dagleg. Total gassmetting og ei rekkje andre vasskvalitetsparametrar vart målt manuelt tre-fire gonger i løpet av eksponeringsperioden. Fisken vart fôra i overskot, og lengde og vekt registrert før og etter oksygeneksponeringa. Blodprøvar vart teke av eit utval fisk før, under og etter oksygeneksponeringa.
Umiddelbart etter avslutta oksygeneksponering vart overlevande fisk overført til smittelaboratorium. Halvparten av fisken i kvar gruppe vart smitta med Listonella anguillarum, bakterien som forårsakar klassisk vibriose. Resten av fisken vart haldne under samme betingelsar som smittegruppa, bortsett frå bakteriesmitten. Smitteforsøket føregjekk ved om lag 76 % O2-metting. Ved avslutning av smitteforsøket vart lengde og vekt målt på all overlevande fisk. Fisken var individmerka og kvart individ kunne dermed følgjast gjennom forsøket.
Forlag
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2007 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: