dc.contributor.author | Teigen, Ingvild | |
dc.contributor.author | Ekeli, Britt-Vigdis | |
dc.contributor.author | Sviland, Randi | |
dc.date.accessioned | 2021-01-29T11:40:19Z | |
dc.date.available | 2021-01-29T11:40:19Z | |
dc.date.issued | 2020 | |
dc.description.abstract | <i>Bakgrunn</i>: Norsk psykomotorisk fysioterapi (NPMF) har blitt kritisert for manglande
vitskapeleg dokumentasjon. Kritikken kan sjåast på bakgrunn av det evidensbaserte
kunnskapsparadigmet. Grunnleggjar av fagtradisjonen, Aadel Bülow-Hansen, oppmoda til bruk av intuisjon og fantasi, som kan synast kvasivitskapeleg i det rådande
kunnskapsparadigmet. Føremålet med denne studien er å belysa og drøfta det
implisitte kropps- og kunnskapssynet i tradisjonen gjennom å sjå nærare på hennar
praksis og fagmiljøet si vidareføring av den.<p>
<p><i>Metode</i>: Kvalitativ tilnærming med opne intervju av tre ulike nestorar som kommenterer eit og same filmopptak av Bülow-Hansen i klinisk pasientarbeid.<p>
<p><i>Funn</i>: Artikkelen presenterer funna i to tema: 1. Sansing og bevegelse i kommunikasjon og samhandling. 2. Klinisk kompetanse og resonnering. Informantane peika på
eit tredimensjonalt syn på kroppen som biologi, erfarande og relasjonell, samt ein
kunnskap som er kroppsleg og sanseleg fundamentert.<p>
<p><i>Konklusjon</i>: NPMF er tufta på eit kropps- og kunnskapssyn, der den kroppslege, sanselege kunnskapen er integrert med teoretisk og teknisk kunnskap. Såleis let ikkje
denne kunnskapen underordna seg kriteria for det som blir sett på som den beste
kunnskapen i EBP-systemet. Heller representerer tradisjonen ei kompleks kunnskapsog kroppsforståing, og speilar kompleksiteten og det særeigne ved lidingane kvar
enkelt pasient treng hjelp med. | en_US |
dc.description | Source at <a href=https://fysioterapeuten.no/>https://fysioterapeuten.no/. </a> | en_US |
dc.identifier.citation | Teigen I, Ekeli BV, Sviland R. «Bruk intuisjonen og fantasien» – ein analyse av kropps- og kunnskapssynet i Aadel Bülow- Hansen si fagutøving og norsk psykomotorisk fysioterapi. Fysioterapeuten. 2020(3):22-27 | en_US |
dc.identifier.cristinID | FRIDAID 1868312 | |
dc.identifier.issn | 0016-3384 | |
dc.identifier.issn | 0807-9277 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10037/20504 | |
dc.language.iso | nob | en_US |
dc.publisher | Norsk fysioterapiforbund | en_US |
dc.relation.journal | Fysioterapeuten | |
dc.relation.uri | https://fysioterapeuten-eblad.no/dm/fysioterapeuten-3-20/22/ | |
dc.rights.accessRights | openAccess | en_US |
dc.rights.holder | Copyright 2020 The Author(s) | en_US |
dc.subject | VDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Physiotherapy: 807 | en_US |
dc.subject | VDP::Medisinske Fag: 700::Helsefag: 800::Fysioterapi: 807 | en_US |
dc.title | «Bruk intuisjonen og fantasien» – ein analyse av kropps- og kunnskapssynet i Aadel Bülow- Hansen si fagutøving og norsk psykomotorisk fysioterapi | en_US |
dc.type.version | publishedVersion | en_US |
dc.type | Journal article | en_US |
dc.type | Tidsskriftartikkel | en_US |
dc.type | Peer reviewed | en_US |