Språkleg toleranse i Noreg: Norge, for faen!
Forfatter
Vangsnes, Øystein AlexanderSammendrag
Er vi nordmenn eigentleg så språktolerante som vi likar å tru?
Blant språkforskarar utanlands blir Noreg sett på som eit land med stor takhøgd for språkleg mangfald. Men i kva grad set eigentleg det norske folket pris på språkmangfald?
Kvifor ser ein stadig negative og til dels hatske utfall mot nynorsk? Kvifor møter meir synleggjering av samisk språk i Nord-Noreg sterk folkeleg motstand? Er det eigentleg så populært med alle moglege slags dialektar i dette landet? Og kvifor er det så opprørande at minoritetsspråklege born skal få tilbod om morsmålsopplæring?
Gjennom ti frittståande tekstar tek boka opp ein rad dagsaktuelle emne knytt til språkleg mangfald, alt frå hakking på dialektbruk via angrep på nynorsk og samisk til synet på fleirspråkleg opplæring. Den overordna bodskapen er at språkleg toleranse og verdsetjing av språkmangfald er bra for den enkelte og difor også for samfunnet.
Beskrivelse
Forlag
Det Norske SamlagetSitering
Vangsnes ØA. Språkleg toleranse i Noreg: Norge, for faen!. Det Norske Samlaget; 2013. 102 p. ISBN: 9788252183825Metadata
Vis full innførselSamlinger
© Samlaget