Joina du kino imårgå? Ungdomars dialektskriving på sosiale medium
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/21376Dato
2021-01-22Type
Journal articleTidsskriftartikkel
Peer reviewed
Sammendrag
Sosiale medium utfordrar det tradisjonelle skiljet mellom normert og standardisert skriftspråk og inviterer til kreativ og refleksiv språkbruk. For mange norske ungdommar er det vanleg å ta i bruk trekk frå eit breitt språkleg repertoar – inkludert dialekttrekk og andre unormerte trekk – i private samanhengar på sosiale medium. I denne artikkelen presenterer vi data frå fire utvalde stader i ei større landsdekkande undersøking av multilektale praksisar på sosiale medium blant ungdommar på vidaregåande skule. Dei utvalde stadene ligg i Lofoten, på Nordmøre og Sunnmøre og i Nord-Gudbrandsdalen. På grunnlag av korte tekstar skrivne i ulike tenkte situasjonar med ulike førestilte publikum ser vi at ungdommane jamt over skriv svært forskjellig i til dømes ei melding til ein ven samanlikna med ei melding til læraren. I den første ytringssituasjonen er det typisk eit høgt innslag av dialektale trekk og andre brot mot skriftspråksnormene, medan det i den andre er langt meir vanleg å bruke standard skriftspråk. Val av plattform for dei ulike ytringssituasjonane ser også ut til å påverke valet av skriftleg kode: Meldingar til lærar på SMS eller Snapchat inneheld gjerne fleire brot på standardspråklege normer enn slike meldingar sende gjennom skulens offisielle læringsplattform. For kvart område vurderer vi også dialektskrivinga opp mot kjende trekk ved den lokale og regionale dialekten. Vi ser at ikkje alle talemålstrekk får eit skriftlig uttrykk, noko som i visse tilfelle nok speglar talemålsutviklinga i området. I vår tolking har ungdommane ei særs fleksibel tilnærming til val av skriftlege kodar og evnar å tilpasse seg ulike situasjonar og ulike språkmarknader. This study investigates the use of written dialect among adolescents from four different locations in Norway, each representing one of the main dialect areas of the country (north, central, west, and east). The data are drawn from the larger study Multilectal Practices in Social Media where a total of 1532 students from 42 different upper secondary schools in all regions of Norway have completed an online questionnaire about their language competence, use and attitudes and where they have also provided short text samples of how they would have written in four imagined situations: (i) a cinema invitation to a friend, (ii) a social media post about the family’s new pet, (iii) a message to the teacher informing him/her about absence due to illness, and (iv) a bio in a discussion forum. In our data we see that the cinema invitations contain a high degree of local/regional dialect features as well as other deviations from standard orthographical conventions whereas the messages to the teacher by and large are written in one of the two Norwegian written standards. Choice of platform also seems to influence the choice of features: messages to the teacher by SMS or Snapchat typically contain more dialect and other deviations from standard orthography than messages sent through the official learning management system of the school. For each of the four locations we evaluate the dialect writing against known features of the local/regional dialect, and we see that not all dialect features make their way into the students’ dialect writing, a fact which we take to reflect changes in progress. In conclusion, we see that the students are very flexible and adaptive in their choice of features and codes in different situations and for different purposes.
Forlag
Universitetet i OsloSitering
Røyneland UR, Vangsnes ØA. 'Joina du kino imårgå?' Ungdomars dialektskriving på sosiale medium.. Oslo Studies in Language (OSLa). 2020;11(2)Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2021 The Author(s)